Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 2

Bli med å skape fremragende forskning

Senioringeniør (80 %) ved NORMENT SFF

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Instittut 2, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (80 %). Stillinga er finansiert av ekstern finansieringskjelde, i første omgang i 3 år. Denne finansieringa er ein føresetnad for vidareføring av stillinga. Stillinga er knytt til Norsk senter for forsking på mentale lidingar -NORMENT-, eit senter for framifrå forsking (Sff) finansiert av NFR for perioden 2013 – 2023.


Stillinga er knytt til NORMENT Sff og K.G. Jebsen Senter for Psykoseforskning, eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Oslo Universitetssjukehus. Senteret sitt mål er å oppnå translasjon forsking ved tverrfagleg forsking til å identifisere og karakterisere risikofaktorar for psykotiske lidingar. Senteret samlar kompetanse innan genetikk, funksjonell genomikk, kognitiv nevrovitskap, hjerneavbilding og klinisk psykiatri, og gir med det ein unik mogligheit til å oppnå tverrfagleg kompetanse.


Stillinga vil verte plassert i gruppa til Professor Stephanie Le Hellard: Epigenetikk og funksjonell genomikk (https://w3.uib.no/en/persons/Stephanie.Le.Hellard ). Den vellykka kandidaten vil hjelpe gruppa i fleire prosjekter og må ha ein god bakgrunn i kompleks genetikk, statistisk genetikk, molekylær genetikk (laboratorium), bioinformatikk og vere fleksibel for å flytte frå prosjekt til prosjekt. Sidan kandidaten skal arbeide med ulike prosjekt, legg vi vekt på gode ferdigheiter og evna til å arbeide både sjølvstendig og i ei gruppe.


Arbeidsoppgåver:

  • Laboratorieoppgaver: genomsekvensering (neste generasjons sekvensering), cellekulturer, forberede prøver for genotyping og sekvensering (blod, celler, vev).
  • Kandidaten skal vere involvert i analysane av prosjekter og må vere kjent med metodar for å utføre GWAS (Plink and R-tools), genbaserte analyser (GSEA, LDsnpR, MAGMA), imputation, EWAS (R-tools), sekvens analyser (bioinformatikk).

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Utdanning på doktorgradsnivå innan fag relevant til kompleks genetikk (genetikk, molekylærbiologi).
  • Erfaring med molekylære genetikkmetoder: prøvepreparering (DNA / RNA), genotyping, sekvensering.
  • Kunnskap og erfaring med statistisk genetikk og verktøy som vert brukt i kompleks genetikk (R, Plink, GSEA, MAGMA, LDsnpR).
  • Erfaring i Psykiatrisk Genetikk vil verte vektlagt.
  • Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere på engelsk munnleg og skriftleg.
  • Personlege ferdigheiter til å arbeide og samarbeide i ei forskargruppe så vel som godt.
  • Sjølvdreven og med stor arbeidskapasitet og entusiasme for vitskap.
  • Evne til å bistå i administrative oppgåver (organisering av møte og skriving av møterapportar).
  • Evne til å overføre ferdigheiter til andre gruppemedlemmar for å dele erfaring og protokoller.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan biologisk og genetisk psykiatri, med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 499 600 - 537 700). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Følgande premisser er lagt til grunn for stillinga som senioringeniør:

  • Senioringeniøren skal være medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønnsutgiftene skal så langt som mulig være 100 % eksternt finansiert
  • Instituttleiar kan pålegge senioringeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekter
  • Grunnlaget for stillinga opphører dersom prosjektfinansieringa opphører, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil verte  gjeldande

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Stephanie Le Hellard, e-post:, tlf. +47 55 97 38 23 eller e-post: stephanie.hellard@uib.no 

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147102
  • Intern-ID
    18/929
  • Omfang
    Fast 80%
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger