Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, professor Ruth Brenks forskingsgruppe (http://www.uib.no/en/rg/brenk), er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på  tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet “Structure-based target exploration for the discovery of new leads for antibiotics”, finansiert av BEDREHELSE programmet i NFR.

 

Om prosjektet

Hovudfokuset på prosjektet vil vere hit oppdaging for mål for antibiotikum ved bruk av virtuell og fragment-screening. Arbeidet vil inkludera proteinreinsing, utvikling av bindings- og kinetiske analysemetodar, virtuell screening, fragment-screening ved bruk av biolayer interferometry (BLI), røntgenkrystallografi og design av kjemiske forbindelsar. Arbeidet vil gjennomførast i nært samarbeid med medisinsk kjemisk gruppe frå Dr. Prathama S. Mainkar ved Indian Institute of Chemical Technology (http://www.iictindia.org/staffprofiles/staffprofile.aspx?qry=1868 ).

 

Hovudoppgåver

Hovudmåla for stillinga er å:

  • utvikla analysemetodar som er eigna for fragment screening ved bruk av biolayer interferometry (BLI)
  • gjennomføra fragment screening
  • gjennomføra virtuell screening
  • avgjera bindingsaffiniteten til testforbindelsar
  • utvikla inhiberingsanalysar og avgjera inhiberingsprofilar av testforbindelsar
  • avgjera krystallstrukturar av protein-ligand-kompleksare
  • designa forbindelsar med forbetra affinitetar og fysisk-kjemiske eigenskapar
  • følga opp master- og ph.d.-studentar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Ruth Brenk, e-post: ruth.brenk@uib.no , tlf.: +47 55 58 60 70.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha ph.d.-grad innan fagområdet farmasi, biokjemi, medisinsk kjemi, biofysikk, molekylærbiologi eller liknande, eller ha levert avhandlinga i eit av desse fagområda til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend.
  • Søkjar må ha erfaring i eit av følgjande områder:
    • Røntgen krystallografi av makromolekyler
    • Assay utvikling ved hjelp av surface plasmon resonance (SPR) eller BLI
    • Fragment screening
  • Erfaring frå følgjande område vil vere ein føremon:
    • Strukturbasert ligand-design ved hjelp av berekningsmetodar
    • rekombinant proteinuttrykk og reinsing
    • diffraksjonsdatainnsamling ved synchrotron beamlines
  • Erfaring i fleire av dei oppførde områda vil òg vere fordelaktig.
  • Ei strukturert tilnærming til arbeid og gode kommunikasjonsferdigheiter og flyt i både skriftleg og munnleg engelsk er naudsynt.
  • Kandidaten må demonstrera ei sterk forplikting for strukturbasert hit oppdaging for antibiotikum og vitskapleg forsking generelt.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Tidlegare publikasjonsrekord vil vere viktig.

Den som vert tilsett må i periodar rekne med opphald i forskingsgruppene til samarbeidspartnarar i utlandet.

Vi kan tilby

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan protein-ligand interaksjonar
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1), i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 490 900 pr. år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.


Om postdoktor stillingar
Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.


Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.


Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147097
  • Intern-ID
    18/1172
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger