Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 1

Bli med å skape fremragende forskning

Seniorkonsulent (økonomikoordinator/prosjektøkonom)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei 100 % fast stilling som økonomikoordinator/prosjektøkonom.

 

Klinisk institutt 1 er eit av fem institutt ved Det medisinsk fakultet. Instituttet har om lag 240 tilsette og eit budsjett på om lag 100 mill. Instituttet har til ei kvar tid om lag 140 kandidatar i forskarutdanninga. Dei tilsette er organisert i 11 seksjonar, i ein kjernefasilitet (Dyreavdelinga)  og i administrasjon. I tillegg er eit senter for framifrå forsking (CCBIO) lagt til instituttet.

 

Stillinga som seniorkonsulent/økonomikoordinator er ein del av instituttadministrasjonen med til saman 14 medarbeidarar som har administrasjonssjefen som næraste overordna. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

 

Instituttet er lokalisert i ulike bygg på Haukelandsområdet, på Sandviken sjukehus og har tilsette ved samarbeidande sjukehus i Stavanger, Førde og Haugesund. Administrasjonen held til i Laboratoriebygget, som er eit moderne bygg med gode forskingsfasilitetar og fine kontorfasilitetar. Instituttet har sterke forskingsgrupper og fagmiljø som alle bidrar med undervisning hovudsakleg til medisinstudiet og ernæringsstudiet.

 

Arbeidsoppgåver:

Instituttadministrasjonen skal som ein del av sine arbeidsoppgåver bidra til å utvikle og støtte fagmiljøa og forskarane på ulike områder. Du blir ein ressursperson og ein viktig støttespelar for instituttleiinga for oppfølging av økonomi, strategisk disponering av ressursar  og den generelle aktiviteten på instituttet. Du vil og få ei sentral rolle ovanfor instituttet sine forskarar i samband med søknadar om eksterne midlar og bruken av desse.

  • Leiarstøtte for instituttleiar og administrasjonssjef
  • Arbeidsleiing av dei tilsette i økonomiseksjonen ved instituttet (2 personar per i dag)
  • Kvalitetssikring av økonomifunksjonane på instituttet
  • Økonomistyring av bevilgningsfinansiert verksemd og -/eksternfinansierte prosjekter
  • Økonomirådgjeving  til instituttleiinga og forskingsgruppene i budsjettprosessar og ressurskartlegging
  • Rekneskapsanalyse, rapportering og økonomisk oppfølging av grunnbevilgning og prosjekta
  • Utviklingsoppgåver, her under utvikling og forbetring av økonomiverktøy, rutinar mm
  • Kvalitetssikring av budsjett i kontraktar
  • Utforming av analysar og prognosar
  • Deltakar og bidragsyter i nettverk ved instituttet, fakultetet og UiB sentralt

Alle i administrasjonen vil i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver ved behov. Det kan verte aktuelt med nokre justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

 

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Jorunn Skei. Kontaktinformasjon: jorunn.skei@uib.no, mobilnr.: 48 24 52 48.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant økonomiutdanning frå universitet eller høgskule på masternivå. Utdanningskravet kan fråvikast ved lang og relevant praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • God forståing og erfaring med bevilgningsfinansierte og eksternfinansierte prosessar er ein føremon.
  • Erfaring med prosjektstøtte frå søknad, oppstart, oppfølging, gjennomføring, rapportering, dialog med finansieringskjelde og avslutning er ønskeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Må beherske bruk av relevant dataverktøy/system (til dømes Oracle, BaseWare).

Kva ynskjer vi av deg som person

  • Du er sjølvstendig, positiv og tek initiativ
  • Du likar folk og å samarbeide
  • Du er resultat- og løysningsorientert
  • Du både initierer og bidreg til utvikling av gode prosessar og system
  • Du er motivert for arbeidsoppgåvene og kan motivere kollegaene dine 

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og interessant internasjonalt arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363 ) i lønssteg 53-60 (for tida 459 100 - 517 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • fleksibel arbeidstid

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkaren varslast om dette.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147095
  • Intern-ID
    18/1016
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger