Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor innan humanistiske aldringsstudium

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei postdoktorstilling med planlagd start 1. juni 2018. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er knytt til prosjektet «Aldring i kulturhistorisk perspektiv: litteratur, medisin, psykologi, juss» (Aldringsprosjektet).

 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag, og det blir undervist og forska innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (Inst for framandspråk). Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, postdoktorar, om lag tjue stipendiatar og elleve administrativt tilsette.

 

Forskingsprosjektet ligg under Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen og er finansiert av Noregs forskingsråd (SAMKUL-programmet) ut september 2021. Postdoktorprosjektet som skal gjennomførast i løpet av treårsperioden, må liggje innanfor forskingsfeltet humanistiske aldringsstudium og ha felles målsetjingar med det overordna SAMKUL-prosjektet. Søkjarane definerer sitt eige prosjekt innanfor eit rammeverk av vestleg kultur- eller omgrepshistorie og med hovudfokus på litterære/filosofiske og vitskaplege diskursar om aldring og alderdom. Det er forventa at den som blir tilsett arbeider i Bergen som del av prosjektgruppa, og at vedkomande tar del i oppgåver og aktivitetar knytte til SAMKUL-prosjektet (t.d. arbeidsmøter, prosjektarrangement, redigeringsoppgåver).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjaren må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande i fagområde med relevans for SAMKUL-prosjektet, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing.

 

Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og på søkjarane sine akademiske kvalifikasjonar (publikasjonar o.a. relevant erfaring).

Kvalifikasjonskrava inkluderer, i prioritert rekkjefølgje:

  • Publikasjonar innan humanistiske aldringsstudium

  • Kvalifikasjonar innan kultur- og omgrepshistorie

  • Tverrfagleg orientering

  • Språkkunnskapar, spesielt i engelsk.

 

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjaren skal ved tilsetjing kome med framlegg til ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Søknaden må innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjente kanalar.

 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 490.500 brutto per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

 

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)

  • relevante attestar

  • publikasjonsliste (vitskaplege arbeid og andre publikasjonar)

  • prosjektomtale (inntil 5 sider, bibliografi ikkje medrekna)

  • framdriftsplan for prosjektet

  • litteraturliste for prosjektomtalen

  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskingskoordinator Randi Koppen på e-post randi.koppen@uib.no, til prosjektkoordinator Margery Vibe Skagen på e-post Margery.Skagen@uib.no eller telefon 55 58 25 30, eller til forskingskonsulent Jan A. Johansen på e-post jan.johansen@uib.no eller telefon 55 58 93 78.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje

stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her .

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 31.03.2018

Merk søknaden: 17/15594

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    147075
  • Intern-ID
    17/15594
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger