Kunsthøgskolen i Oslo er landets største utdanningsinstitusjon for kunstnere og designere. Kunsthøgskolen i Oslo består av seks avdelinger: Dans, Design, Kunstakademiet, Kunst og håndverk, Operahøgskolen og Teaterhøgskolen, og tilbyr en rekke utdanninger på bachelor- og mastergradsnivå. Det faglige miljøet er aktivt i forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid og formidling. Kunsthøgskolen holder til på Seilduksfabrikken ved Akerselva.

Ledige 6 stipendiatstillingar frå 1.10.2018

Kunsthøgskolen i Oslo skal drive kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå som produserer ny kunst og design, ny kunnskap og ny innsikt om kunsten og kunstens omgjevnad. Kunstnarleg utviklingsarbeid ved Kunsthøgskolen skal vere banebrytande, sikre fagutvikling og vere forankra i kunstnarleg praksis. Stipendiatstillingane skal kvalifisere for kunstnarleg verksemd, undervisnings- og forskarstillingar innan høgre kunstutdanning og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt store krav til kunstnarleg kompetanse og innsikt.

Kunsthøgskolen i Oslo har nettopp etablert eit eige doktorgradsprogram (PhD) i kunstnarleg utviklingsarbeid. Stipendiatstillingane er i det nye programmet. For tida har Kunsthøgskolen i Oslo 21 aktive stipendiatar i Stipendiatprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid.

 

For 2018 har Kunsthøgskolen 6 ledige stillingar, og vi søkjer etter stipendiatar med gode prosjekt med nasjonal og internasjonal relevans innafor følgjande fagområde:

  • Koreografi, ved avdeling Dans.
  • Interiørarkitektur og møbeldesign, ved avdeling Design.
  • Grafikk/teikning, tekstil, metall/smykke og kunst og offentleg rom, ved avdeling Kunst og handverk.
  • Biletkunst, ved avdeling Kunstakademiet.
  • Utforsking av stemma og stemma sine utfordringar, mogelegheiter, ulike songteknikkar og vedlikehald relatert til klassisk song, ved avdeling Operahøgskolen
  • Teater (kan omfatte skodespel, regi, scenetekst, scenografi og dramaturgi), med prioritering av prosjekt som bidrar til utvikling av generell diskurs, ved avdeling Teaterhøgskolen.

Oppstart i stillingane er 01. oktober 2018. Søkjarar må seie kva fagområde dei søkjer til. Søknadsfrist 15. mars 2018.

Stilling som stipendiat er ei 3-årig fulltidsstilling med normalarbeidstid og med dagleg arbeidsplass ved Kunsthøgskolen i Oslo. For stipendiatar gjeld rettar og plikter for tilsette ved statlege universitet og høgskolar. Stillinga vert lønna i stillingskode (SKO) 1017 Stipendiat etter Hovedtariffavtalen i LR20 alt.8, med startløn i ltr. 50 kr 436 900 brutto pr år.

Krav til søkjar og søknaden

Søkjar må kunne vise til anerkjent kunstnarisk verksemd/utviklingsarbeid av eit visst omfang og nivå. Søkjar har normalt ein mastergrad innafor relevant kunstnarleg fagfelt eller tilsvarande grad. Dokumentert realkompetanse kan etter særskilt vurdering erstatte kravet til formalkompetanse.

Til søknadsfristen 15. mars skal du søkje gjennom Kunsthøgskolens søknadsportal Jobbnorge. Der skal du også i tillegg lasta opp:

  • Søknadsvedlegg, lastes ned her
  • Prosjektbeskriving, maks 3500 ord
  • Budsjettframlegg
  • Utfyllande CV
  • Dokumentasjon av kunstnarleg verksemd, maks 10 verk

Prosjektbeskrivinga skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og presentere tema, problemstilling(ar), kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektbeskrivinga må innehalde ein framdriftsplan og gjere greie for særlege behov for faglige og materielle ressursar, eventuelle rettslege og etiske problemstillingar og potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar.

Søknad og vedlegg kan være på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Alle vedlegga må være elektroniske og kunne lastas opp. Berre materiale sendt innan søknadsfristen vil bli vurdert.
Søknaden og prosjektbeskrivinga vert i første omgang vurdert av ein fagkomité innafor det aktuelle fagområdet. Dei mest aktuelle søknadane vert sende vidare til intervju og ekstern sakkunnig vurdering, før det vert bestemt kven som blir innstilt til stipendiatstillingane.

Kontakt

For meir informasjon om stipendiatordninga, ta kontakt med Linda Thu, LindThu@khio.no eller Therese Veier TherVeie@khio.no. For meir fagspesifikk informasjon ta kontakt med:

  • Suzanne Bjørneboe, SuzaBjor@khio.no, dekan ved Avdeling Dans
  • Karianne Bjellås Gilje, kbgilje@khio.no, dekan ved Avdeling Design
  • Stine Hebert, StinHebe@khio.no, dekan ved Avdeling Kunstakademiet
  • Ellen Aslaksen, Elleasla@khio.no, dekan ved Avdeling Kunst og håndverk
  • Tore Dingstad, ToreDing@khio.no, dekan ved Avdeling Operahøgskolen
  • Jon Refsdal Moe, JonRMoe@khio.no, dekan ved Avdeling Teaterhøgskolen

Kunsthøgskolen i Oslo har avgrensa kapasitet til å gi individuell rettleiing i søknadsprosessen. For utfyllande informasjon sjå:  Forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnerisk utviklingsarbeid ved Kunsthøgskolen i Oslo:  https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2018-02-06-177

Tilleggsinformasjon

Informasjonsmøtet vart videofilma, og er tilgjengeleg på nett.

 http://www.khio.no/om-kunsthogskolen-i-oslo/aktuelt/vil-du-bli-stipendiat-pa-khio

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Kunsthøgskolen i Oslo
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    147016
  • Intern-ID
    TU-sak-2-2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger