Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bli med å skape fremragende forskning

Stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig  ei stilling som stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til prosjektet «Subsurface Carbonate CO2 Storage and Security» med støtte frå Norsk forskingsråd.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Lagring av menneskeskapt CO2 i sedimentære reservoar er ein foreslått metode som kan redusere karbonavtrykket frå produksjon av fossile brensel. Hovudmålet med prosjektet er å eksperimentelt studere væskeflyt og oppløsing av bergarten under injeksjon av CO2 lagring i karbonat og kalksteinsreservoar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell reservoarfysikk, eller ha levert mastergrada si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må dokumentere erfaring frå høgkvalitets eksperimentelle studiar av fleirfase væskestraum i porøse media, til dømes med forfattarskap i anerkjente vitskapelege journalar.
  • Søkjarar må dokumentera eksperimentell erfaring med høgtrykks CO2 –injeksjon for lagring eller oljeutvinning i porøse media.
  • Søkjarar bør ha god erfaring frå bruk av avbildingsteknikkar som PET og CT, dokumentert kjennskap og erfaring i slike prosesser vil være viktig for framdrifta av prosjektet.
  • Søkjarar må vise evne til publisering av sitt vitskapelige arbeid i gode internasjonale tidsskrift i emne som er relatert til stillinga, som CO2 lagring eller CO2 EOR.
  • Bruk av mikromodellar for å studera CO2 fortrengingsmekanismar på poreskala vil bli nytta som eit viktig verkty i arbeidet, og det er ynskjeleg at kandidaten har erfaring med dette.
  • Det er ynskjeleg at søkjarar har erfaring frå bruk av skuminjeksjon for mobilitetskontroll.Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Evne til å kommunisere og lede mindre grupper av studentar vil være viktig.
  • Det er ikkje krav om gode norskkunnskapar, men evne til å kommunisere på norsk vil være fordelaktig for prosjektet. Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg er eit krav.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900 brutto i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom mastervitnemålet ikkje er ferdig, ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Martin Fernø, +47 5558 2792, Martin.Ferno@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    19. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146895
  • Intern-ID
    2018/526
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger