NTNU - kunnskap for ei betre verd

Ved NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, skaper vi kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.

Rådgivar i forskningsseksjonen ved Det humanistiske fakultet

Det humanistiske fakultetet har ei ledig rådgivarstilling i fakultetsadministrasjonen. Stillinga er fast, og arbeidsoppgåvene er knytte til forskingsseksjonen.

Arbeidsdagen i forskingsseksjonen er variert og spanande. Forskingsrådgivaren vil samarbeide tett med sterke fagmiljø og ein profesjonell administrasjon. Vi tilbyr heiltidsstilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit opent og godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i fakultetet si oppfølging av forsking og forskarutdanning
    (utgreiingsarbeid og sakshandsaming)
  • Forskingsadministrativ leiarstøtte for dekan, prodekan og enkelte institutt
  • Administrativ hjelp i søknads- og prosjektfasen for enkelte fagmiljø og utlysingstypar (Forskingsrådet og EU)

Kvalifikasjonar

Forskingsrådgivaren må ha inngåande kjennskap til humanistisk forsking, god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og særs god framstillingsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Vi krev derfor utdanning på høgskule/universitetsnivå med minimum hovudfag/mastergrad innanfor humaniora. Administrativ erfaring vil bli vurdert som ein fordel.

Personlege eigenskapar som evne til å ta initiativ, tenke analytisk, systematisk og løysingsorientert, samt evne til sjølvstendig arbeid og gode samarbeidsevne blir tillagt stor vekt. God forståing for servicerolla og støttefunksjonen for fakultetets- og instituttleiinga, prosjektleiarar og forskarar er ein føresetnad. Forskingsrådgivaren må kunne arbeide effektivt og med høg kvalitet, òg under tidspress og med ulike saker parallelt.
 
Lønn og tilsettingsvilkår

Stillinga er plassert i Statens lønnsregulativ kode 1434 rådgivar, normalt brutto lønnsspenn er kr 474 700 – 600 200 pr. år. Lønna blir fastsett med utgangspunkt i kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Tilsettinga skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for offentlege tenestemenn, og den som blir tilsett må finne seg i eventuelle endringar i arbeidsområdet. Staten legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Det ligg meir informasjon om Det humanistiske fakultetet på www.ntnu.no/hf.
Ønskjer du nærmare opplysing om stillinga kan du ta kontakt med seksjonssjef Hanne Siri Sund, tlf. 73 59 66 30, e-post: hanne.siri.sund@ntnu.no.

I overeinskomst med den nye offentlegheitslova kan opplysingar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Om oppmodinga ikkje blir imøtekome har søkarane krav på å bli varsla.

Du skal skrive og sende søknaden elektronisk via stillingsdatabasen Jobbnorge på http://www.jobbnorge.no. Merk søknaden med jnr. HF 18-001 Søknadsfrist 31.01.2018.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    NTNU Dragvoll
  • Jobbnorge-ID
    146643
  • Intern-ID
    HF 18-001
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger