Senter for internasjonalisering av utdanning

Kommunikasjonsavdelingen (KOM)

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalisering av utdanning. Vi samarbeider med utdanningsinstitusjonar, private og offentlege verksemder og norske styresmakter, og skal bidra til å auke kunnskapen om internasjonalt utdanningssamarbeid i Noreg. SIU forvaltar internasjonale utdanningsprogram og har ansvar for å profilere Noreg som eit attraktivt samarbeids- og studieland.

Frå og med 1.januar er SIU slått saman med Norgesuniversitetet (NUV) og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU), i eit felles kvalitetsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Regjeringa vil på denne måten samle tilskotsordningar og program som skal bidra til å heve kvaliteten i høgare utdanning og fagskular. Det nye kvalitetsorganet har hovudsete i Bergen, med virke også i Tromsø.


Kommunikasjonsrådgivar - vikariat

Då ein av våre dyktige kollegaer går ut i permisjon, utlyser vi eit vikariat i 100 % stilling som rådgivar knytt til Kommunikasjonsavdelinga. Vikariatet varer fram til 31.desember 2018. Tilsetjing snarast og seinast 1.april 2018.

Kommunikasjonsavdelinga har åtte faste medarbeidarar og er leia av ein avdelingsdirektør. Avdelinga har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon. I tillegg administrerer kommunikasjonsavdelinga mandatet for å profilere Noreg som eit attraktivt samarbeids- og studieland, som SIU forvaltar på vegne av sin eigar Kunnskapsdepartementet.

Vi søkjer no ein medarbeidar som primært skal jobbe med ovannemnde mandat. Målgruppa er først og fremst norske utdanningsinstitusjonar. Som ein del av mandatet driftar SIU også «Study in Norway»-konseptet retta mot internasjonale studentar.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med konferansar og seminar i inn- og utland retta mot norske utdanningsinstitusjonar
  • Drift av og innhaldsproduksjon til nettsida studyinnorway.no og sosiale media
  • Kontakt med norsk utdanningssektor og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Anna kommunikasjonsfagleg arbeid ved SIU


Krav til søkjar

  • Utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse. Lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte delar av utdanningskravet
  • Erfaring frå kommunikasjon og/eller marknadsføringsarbeid
  • Særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • God digitalkompetanse
  • Den tilsette må kunne representere SIU i ulike fora


Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring primært frå utdanningsfeltet i Noreg, men også gjerne frå utlandet
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • Erfaring frå offentleg forvaltning


Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Systematisk og med gode samarbeidsevne
  • Løysings- og resultatorientert
  • Utviklingsretta og kreativ


SIU kan tilby varierte og faglege utfordringar og eit uformelt og inspirerande arbeidsmiljø. Me legg vekt på at personen er godt eigna og motivert for stillinga og arbeidet.

SIU er IA-verksemd. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan bli endra som følgje av omstillingar i SIU.

Løn som rådgivar (kode 1434), lønssteg 56 - 64 (kr. 482 500 – kr. 558 500) etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse (SPK) er 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i befolkninga si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.

Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert tatt til følgje, jf. Offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunikasjonsdirektør Kristin Solheim, tlf. 932 28 573 eller personalsjef Tone Berg Stiansen, tlf. 934 67 877.


Søknad og komplett CV med oversikt over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal sendast inn via link på denne sida (Jobbnorge)

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Senter for internasjonalisering av utdanning
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Fortunen 1, 5013 Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146631
  • Intern-ID
    18/00035
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger