Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø.Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.Vi er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har meir enn 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine meir enn 60 lokalkontor.

 

Koordinator av lønns-, reise- og personalområdet (seniorrådgivar)

Miljødirektoratet står overfor nye utfordringar og krav til effektivitet, noko som pregar kvardagen for leiarar og medarbeidarar.Innanfor personaladministrasjon har vi teke i bruk SAP, og vi er opptekne av å utnytte moglegheitene som ligg i systemet i dagleg bruk.Handteringa av lønns- og personalområdet skal gi meirverdi til direktoratet, og støtte HR sitt løpande arbeid med både strategisk bemanningsstyring og personalforvalting.

Du vil koordinere det faglege arbeidet knytt til lønns-, reise- og personalområdet i lag med om lag sju HR-medarbeidarar, og i dialog med økonomiseksjonen sikre at vi som organisasjon, leiarar og medarbeidarar bruker SAP på ein effektiv måte.Du vil få ei allsidig rolle, og får høve til å jobbe både operativt og strategisk i utviklinga av HR.

Vi søkjer ein trygg rådgivar som saman med resten av seksjon for HR og utvikling vil støtte vidareutvikling og nødvendig omstilling av direktoratet, samt effektivisering av arbeidet vårt.Vi søkjer etter ein person som også kan vere ei drivkraft til å byggje fellesskap i Miljødirektoratet.Du vil rapportere til HR-sjef og arbeide på tvers av einingane til direktoratet.Seksjonen har medarbeidarar i både Trondheim og Oslo.Arbeidsstad for denne stillinga er i Trondheim.Noko reiseverksemd må påreknast.

Hovudansvarsområda til stillinga:

  • Fagleg koordinering av lønns-, reise- og personalarbeidet
  • Vidareutvikling av direktoratet sin bruk av SAP
  • Fagleg kontakt med DFØ
  • Vere ein brubyggjar mellom operativt arbeid innanfor lønns- og personalområdet, HR-rekruttering og HR-rapportering
  • Vere hovudkontakt mot økonomiseksjonen i det operative arbeidet med bemanningsstyring
  • Systematisk forbetring av arbeidet med HR-rapportering, medrekna vidareutvikling av rapportar og statistikk på HR-relaterte område (sjukefråvær, overtid, turnover og årsverk)
  • Lønnskøyring, utbetaling av reiserekningar, oppbygging av struktur i SAP

Kvalifikasjonar:

  • Du har relevant høgare utdanning på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse på masternivå.
  • Du har erfaring med og forståing for lønns- og HR-prosessar.
  • Du har særs god kjennskap til SAP
  • Du har god kunnskap om lover og reglar innan lønn og reise, og kjennskap til relevante lover, krav og forskrifter innan HR-området elles.
  • Du har kompetanse og allsidig erfaring med bruk av ulike HR-relaterte IT-verktøy, inkl. Office-pakker.Du har minst 5 års dokumentert og relevant arbeidserfaring frå offentleg sektor.Du har god skriftleg og munnleg evne til å framstille.

Personlege eigenskapar:

  • Du har god rolle- og organisasjonsforståing
  • Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet
  • Du har evne til å skape tillit og gode relasjonar til andre
  • Du tek ansvar for framdrift og avklarer endringar
  • Du er ein god problemløysar og strever etter kontinuerleg forbetring

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver hos ein arbeidsgivar med eit viktig samfunnsoppdrag
  • God stønad og oppfølgingEit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • Fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
  • Lønn som seniorrådgivar frå kr. 517 700 (ltr. 60) til 650 200 (ltr. 72), etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.
  • Arbeidsstad i Trondheim, Brattøra

Kontaktperson for stillinga er Manuela Ramin-Osmundsen (manuela.ramin-osmundsen@miljodir.no)

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.

Referanse: 07-2018 OHR                Søknadsfrist: 29. januar 2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    Trondheim, Brattøra
  • Jobbnorge-ID
    146549
  • Intern-ID
    07-2018 OHR
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger