Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunal og sentral mynde, med høve til å spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.

Rådgjevar/ seniorrådgjevar

Engasjement innan arealforvaltning  

 

Ved kommunal- og samfunnsplanavdelinga har vi frå 1. februar ledig eit engasjement fram til 31. desember 2018 som rådgjevar/seniorrådgjevar med arbeidsoppgåver knytt til sakshandsaming etter plandelen av plan- og bygningslova.

 

Avdelinga har eit vidt saksområde som er delt i tre seksjonar; kommune- og justisseksjonen, planseksjonen og beredskapsseksjonen. Stillinga som no er ledig, ligg til planseksjonen.

 

Den som vert tilsett skal i hovudsak arbeide med plan- og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova. Arbeidet medfører mykje kontakt med kommunane, og inneber mellom anna vurdering av kommunale planar og vedtak, skriving av fråsegner, utforming av klager frå Fylkesmannen der nasjonale og/eller viktige regionale interesser er truga, samt munnleg og skriftleg rettleiing til kommunane.  Andre arbeidsoppgåver kan òg verte lagt til stillinga.


Frå 1. januar 2019 vert Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit embete, og vi tek eit generelt atterhald om endring i oppgåver og arbeidsstad.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer etter ein kollega med relevant høgare utdanning  og samfunnsengasjement, og med evne til å vurdere og balansere ulike samfunnsomsyn fastsette i styringsdokumenta våre. 

 

Det er ein føremon med røynsle frå liknande saksområde, gjerne frå kommunal sektor.


Søkjarane må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne, særleg på nynorsk. Vi legg og vekt på tverrfagleg bakgrunn og digital kompetanse.

 

Stillinga krev gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil difor verte vektlagt ved tilsetjing. Søkjaren må vidare kunne arbeide sjølvstendig og evne å setje seg raskt inn i nye problemstillingar. Arbeidstempoet er høgt. Vi ser etter ein medarbeidar som er effektiv og har evne til stor produksjon med høg kvalitet.

 

Vi tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse med høve til bustadlån
  • bedriftsidrettslag
  • kontor sentralt i Bergen

 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar med lønn i spenn frå 460 000 til 580 000 kroner etter kvalifikasjonar. Stilling som seniorrådgjevar stiller høgare krav til kompetanse og erfaring rådgjevarstillinga. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Fylkesmannen følgjer elles statlege tilsetjingsvilkår. Tenestemålet er nynorsk. Fylkesmannen ønskjer mangfald. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

 

Nærare informasjon om stillinga får du hjå avdelingsdirektør Kjell Kvingedal, telefon 55 57 23 12 eller mobil 97 50 40 50.

 

Du søkjer stillinga ved å nytte elektronisk søknadsskjema på www.jobbnorge.no. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Legg gjerne òg ved eigen CV.

 

Søkjarlista til stillinga er offentleg. Unntak frå offentleggjering kan berre gjerast i særlege høve.

 

Søknadsfrist er 28. januar 2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Hordaland
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen sentrum
  • Jobbnorge-ID
    146518
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Engasjement

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger