Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunal og sentral mynde, med høve til å spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.

Rådgjevar/Seniorrådgjevar

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga, har ledig fast stilling som rådgjevar/ seniorrådgjevar. Søknadsfrist 28. januar 2018

Utdanningsavdelinga har ansvar for rettleiing, tilsyn og forvaltningsoppgåver innan barnehage- og opplæringssektoren i fylket. Avdelinga har og eit landsdekkande ansvar for tilskotsforvalting når det gjeld opplæring innan kriminalomsorga. Utdanningsavdelinga skal sjå til at nasjonale mål for utdannings- og barnehagepolitikk vert følgde opp. Oppdraget til avdelinga kjem i hovudsak frå Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsavdelinga har no behov for ein rådgjevar/ seniorrådgjevar i fast stilling. Om det blir rekruttert internt, blir det ledig engasjement med same stillingsinnhald.

Den som vert tilsett i stillinga vil ha hovudoppgåvene sine knytte til klagebehandling og tilsyn på barnehage- og skuleområdet. I tillegg vil oppfølging av statlege kompetansesatsingar vere eit område avdelinga vil arbeide mykje med i tida framover. Oppgåver knytte til elevar sitt skulemiljø har høg prioritet.

Arbeidsområda gir spennande utfordringar, ikkje minst når det gjeld forvaltningsmessige og juridiske problemstillingar.

Søkjaren må :

  • ha høgare utdanning (pedagog/samfunnsvitar/jurist)
  •  ha erfaring frå og interesse for utdanningssektoren
  •  ha erfaring frå offentleg sektor/forvaltningsarbeid
  •  ha kunnskap om kommunesektoren og offentleg forvaltning
  •  kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, skriftleg og munnleg
  •  kunne arbeide innanfor tidsfristar
  •  kunne samarbeide nært med andre faggrupper

 

Vi søkjer ein kollega som har erfaring frå og engasjement for utdanningssektoren, og evne til å setje seg inn i aktuelle lovverk og styringsdokument. Vidare søkjer vi ein kollega som ser det som viktig å samarbeide tett med kollegaer, både når det gjeld eigne saker og oppgåver, men og i avdelinga sitt samla arbeid. Vi tek atterhald om endringar i arbeidsoppgåver. Fylkesmannen i Hordaland skal frå 01.01.2019 slåast saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Stillinga vil ha kontorstad i Bergen, men vi tar generelt atterhald om endring av oppgåver, avdelingstilknyting og arbeidsstad.

 

Vi tilbyr:

  •  spanande arbeidsoppgåver som opnar for kontakt med mange fagmiljø
  •  gode vilkår med omsyn til utveksling av kompetanse med kollegaer i andre delar av sektor
  •  eit godt arbeidsmiljø
  •  strukturerte møtepunkt i avdelinga og fleksible møtepunkt med kollegaer
  •  løn etter avtale i tråd med verksemda sin lønnspolitikk
  •  medlemsskap i Statens pensjonskasse
  •  bedriftsidrettslag

 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar, frå kr. 460 000,- til kr. 580 000,- etter kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strengare krav til kompetanse og erfaring enn det som gjeld for rådgjevarstillinga. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Fylkesmannen følgjer elles statlege tilsetjingsvilkår. Tenestemålet er nynorsk. Fylkesmannen ønskjer mangfald. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos utdanningsdirektør Anne Hjermann på tlf. nr. 55 57 22 75, fmhoakh@fylkesmannen.no

 

Du søkjer stillinga gjennom søkjarportalen www.jobbnorge.no. Søkjarar lastar opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Dersom du har utdanning frå utlandet må du laste opp NOKUT-godkjenning og godkjende omsettingar av vitnemål.

 

Vi gjer merksam på at du kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om du ber om konfidensiell handsaming. Dersom ønske om konfidensiell handsaming ikkje blir tatt til følgje, blir du varsla.

 

Søknadsfrist: 28. januar 2018

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Hordaland
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen Sentrum
  • Jobbnorge-ID
    146517
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger