Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Bli med å skape fremragende forskning

Førsteamanuensis i arbeidslivshistorie - vikariat 80 %

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det, med atterhald om finansiering, ledig eit treårig vikariat i 80 %  stilling som førsteamanuensis i arbeidslivshistorie. Vikariatet kan bli forlengt.

 

Historiefaget handlar om menneske i samfunn gjennom tidene. Ved AHKR blir det utøvd historisk forsking, samstundes som instituttet gjev undervisning i historie for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). Instituttet legg vekt på fagleg breidde og driv forsking og undervisning i alle historiske periodar frå antikken til i dag, innan ulike nivå frå det lokale til det globale, og innan ulike felt

som økonomisk, sosial, kulturell og politisk historie. Det er for tida 22 faste vitskaplege stillingar i historie ved AHKR.


Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Søkjarar må ha vitskapelege kvalifikasjonar tilsvarande ei norsk doktorgrad i nyare norsk historie og røynsle med å utvikle undervisningsopplegg for, og undervise, etter- og vidareutdanningsstudentar. Søkjarar med forskingsbasert kunnskap om norsk arbeidslivshistorie og inngåande kjennskap til historia til det norske helsevesenet vil bli føretrekte.


Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Den som blir tilsett skal utvikle etter- og vidareutdanningstilbodet ved instituttet og vil ha særskild ansvar for eit etablert etter- og vidareutdanningskurs for tilsette i helsevesenet. Den som blir tilsett vil dessutan få arbeidsoppgåver knytt til praktisk pedagogisk opplæring av historiestudentar og til bachelor- og masterprogramma i historie.

 

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Vi kan tilby:

• Løn etter lønssteg 60 (for tida: NOK 517 300,-) for førsteamanuensis (kode 1011/LR24) i statens regulativ, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

• Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

• Medlemskap i Statens pensjonskasse

• Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

• Gode velferdsordningar

 

Kontaktinformasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post jan.heiret@uib.no eller tlf. 55 58 97 62, eller fagkoordinator for historie, professor Svein Atle Skålevåg, per e-post Svein.Skalevag@uib.no eller tlf. 55 58 97 77.


Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN».

 

Dette må vere inkludert i søknaden:

 

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga

8. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Maksimal lagringsplass for vedlegg er 20 MB. Du kan leggje lenke til filer/nettstader/publikasjonar i eit dokument i Word eller pdf og så leggje dette til søknaden som vedlegg.

 

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

 

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

 

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.


Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Søknadsfrist 4. februar 2018

Søknaden skal merkast 17/15759

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146482
  • Intern-ID
    17/15759
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger