Universitetet i Bergen

Institutt for biomedisin

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor (3 år) i synaptisk-nevrovitskap/tofotonmikroskopi ved Institutt for biomedisin

Ved Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet, er det ledig ei mellombels 100 % stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år.


Stillinga er knytt til eit Toppforskprosjekt; «Molecular control of Arc protein: decoding a master regulator of synaptic plasticity and cognition”, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet er leia av professor Clive Bramham ved den nevrovitskaplege forskingsgruppa.


Prosjekt-teamet er tverrfagleg samansett med forskingsgrupper innan molekylær og cellulær nevrovitskap, elektrofysiologi, proteinstrukturbiologi, proteinbiofysikk, og biokjemi.


Hovudoppgåver

Postdoktorstillinga har fokus på tofoton FLIM-FRET imaging av protein-protein interaksjonar i forbindelse med synaptisk plastisitet studert i hjerneskiver og intakte dyr.    

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Clive R. Bramham, tlf.: 55 58 60 32 eller e-post: Clive.Bramham@uib.no

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha doktorgrad innan cellulær- eller molekylær-nevrovitskap. live-cell imaging, eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjar må ha erfaring med live-cell FRET imaging, særleg for FLIM.
  • Søkjar må kunne dokumentere vitskapleg publisering av høg kvalitet.
  • Erfaring med 2P glutamat-uncaging og enkelspina imaging i vevsskiver er ein føremon.
  • Erfaring med 2P deep-brain imaging og optogenetikk er ein føremon.
  • Erfaring med kloning og design av protein til imaging studiar er ein føremon
  • Kandidaten må vere dyktig i munnleg og skriftleg engelsk
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Kandidatar med dokumentert evne til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking vil verte føretrekt

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten av nevrovitskap
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1) for tida 490 900, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 508 800, med spesialistutdanning lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 527 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby:

www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

 

Om postdoktorstillingar
Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.


Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.


Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.


Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.


Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Slik søkjer du stilling

Send søknad som inneheld fullstendig oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. mars 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146455
  • Intern-ID
    18/196
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger