Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst?

Fotograf ved Seksjon for samlingsforvaltning og Konservering, Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

 

Ved Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ei fast heiltidsstilling som fotograf.

 

Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål. Seksjon for Samlingsforvaltning og Konservering forvaltar store gjenstands- og fotosamlingar og har 12 tilsette med arbeidsoppgåver tilknytt arkiv, foto, magasin og konservering. Fotografstillinga vil vere knytt opp mot fotografering av gjenstandsmateriale frå Universitetsmuseets Kulturhistoriske samlingar og til digital handsaming av bileta. Arbeidet vil primært inkludere studioarbeid, men fotografering i felt og arbeid i samband med museets institusjonshistoriske samlingar vil òg ligge til stillinga.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Fotografering

  • Digital bilethandsaming

  • Tilrettelegging av biletmateriale for publisering, inkludert utstillingar og forskningsformidling

  • Digitalisering og retusjering av eldre biletmateriale

  • Dokumentasjon og katalogisering

  • Betene førespurnadar og formidling av fotosamlingane

  • Forvaltning og oppbevaring av originalt fotomateriale i samlingane i samråd med konservator

Ytterlegare arbeidsoppgåver vil bli pålagt i tråd med utvikling og behov

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev i Fotografi / relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum Bachelornivå eller tilsvarande fotografutdanning
  • Erfaring med gjenstandsfotografering
  • Erfaring med bilethandsamingsverktøy som til dømes Photoshop
  • Erfaring med digitalisering/skanning av eldre fotomateriale
  • Erfaring med fotoopptaksprogram som til dømes Capture One
  • God skriftlig og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) samt engelsk

Det er ønskeleg med:

  • Erfaring med fotodatabasar, fortrinnsvis Universitetas felles databasesystem (MUSIT)

  • Kompetanse innan digitalisering/skanning og bilethandsaming av eldre fotomateriale

  • Erfaring frå arbeid knytt til kulturhistorie og publisering/formidling

  • Erfaring med mørkerom / svart-kvit fotografering

  • Erfaring med fotogrammetri

  • Førarkort for personbil

     

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv, initiativrik og målretta
  • Fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig

 

Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

 

Søkjarar vil bli spurt om å legge fram døme på tidligare arbeid. Det vil også leggjast vekt på røynsle frå tilsvarande arbeid.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver

  • Stillinga er plassert i stillingskategorien avdelingsingeniør etter lønssteg 49 – 55 (kode 1085/LR 22.13 - 22.19 (for tida frå kr 430.100 - 474.700 per år) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn verte vurdert

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Det er seks månaders prøvetid i stillinga. Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Camilla C. Nordby, Leiar, Seksjon for Samlingsforvaltning og Konservering, E-post: camilla.nordby@uib.no, tlf: (+47) 55 58 61 68, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller Asbjørn Engevik, Leiar, Avdeling for Kulturhistorie, E-post: asbjorn.engevik@uib.no, tlf (+47) 92 02 37 11, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen.

 

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • Attersterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 29.01.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Seksjon for samlingsforvaltning og konservering
  • Jobbnorge-ID
    146444
  • Intern-ID
    17/14139
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger