Helse- og omsorgsdepartementet

LMS Legemiddelseksjonen

Hovudoppgåvene til folkehelseavdelinga er knytte til legemiddelspørsmål, helsefremjande og førebyggjande arbeid, helseovervaking, ernæring og mattryggleik, og alkohol- og narkotikaspørsmål.

Folkehelseavdelinga er inndelt i fire seksjonar: legemiddelseksjonen, folkehelseseksjonen, seksjon for ernæring og mattryggleik, og seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk.

Jurist, rådgjevar/seniorrådgjevar i legemiddelseksjonen

Me har ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i legemiddelseksjonen i folkehelseavdelinga. Legemiddelseksjonen har ansvaret for arbeid med dei legemiddelpolitiske måla og området medisinsk utstyr. Dette vert m.a. fylgt opp gjennom regelverksarbeid, arbeid med dei årlege budsjettprosessane og etatsstyring av Statens legemiddelverk. Internasjonalt arbeid og kontakt med pasient- og bransjeorganisasjonar ligg til oppgåvene i seksjonen.

Seksjonen har m.a. ansvar for fylgjande lover med tilhøyrande forskriftsverk: legemiddellova, apoteklova, lov om medisinsk utstyr og delar av folketrygdlova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytte til regelverksutvikling og oppfylging av einskildsaker. Oppgåvene kan variera over tid. Det kan òg vera aktuelt å arbeida på andre sakfelt innafor ansvarsområda i avdelinga.

 

Me krev juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap. Du må ha god (rådgjevar)/særs god (seniorrådgjevar) sakhandsamings- og utgreiingskompetanse, irekna røynsle med lov- og forskriftsarbeid, og god kjennskap til offentleg forvaltning. Kjennskap til sakområda i seksjonen vert vektlagt. Røynsle frå internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid, er relevant, og det er positivt om du har gode engelskkunnskapar.

Me søkjer deg som er leveringsfør og har godt humør. Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne, gode analytiske evner, vera strukturert, sjølvstendig og ha god samarbeidsevne. Me vil leggja vekt på at du høver som person. Me ønskjer ein initiativrik og resultatorientert person med vilje og evne til å arbeida tverrfagleg. Du bør ha god samfunnsforståing og vera interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel.

Me tilbyd eit spanande og fagleg utfordrande miljø med gode høve til utvikling. Me har eit godt arbeidsmiljø med kompetente og trivelege kollegaer. Me har fleksitidordning og gode velferdsordningar.

Me ønskjer fleire menn på arbeidsplassen vår, og oppmodar difor menn til å søkja.

Løn: 430 100–722 400.

Du får meir informasjon om stillinga ved å kontakta avdelingsdirektør Jan Berg telefon 924 80 584 og underdirektør Bjørg Storesund telefon 415 69 493.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    146432
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger