Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal greia ut tilhøvet mellom ytringsfridom og personvern i helse- og omsorgstenesta, barnevernet, barnehagar og skular. Utvalet skal koma med framlegg til retningsliner for handtering av vitjing, fotografering, filming, reportasjar m.m. og vera med på det offentlege ordskiftet om ytringsfridom, kravet om forsvarlege tenester og teieplikt

Utvalssekretær til offentleg utval som skal greia ut tilhøvet mellom ytringsfridom og personvern

Fyrstekonsulent/rådgjevar – engasjement – utvalssekretær til offentleg utval som skal greia ut tilhøvet mellom ytringsfridom og personvern

 

Me søkjer etter ein utvalssekretær (fyrstekonsulent/rådgjevar) til mellombels engasjement fram til 15. mai 2019. Sekretariatet skal ha arbeidsstad i Oslo. Tiltreding snarast.

Arbeidsoppgåver

Sekretæren skal saman med ein annan utvalssekretær hjelpa utvalet med utgreiingar, utarbeiding av diskusjonsnotat, skriving og ferdigstilling av rapporten frå utvalet. Til stillinga ligg òg ein del administrative oppgåver mellom anna knytte til planlegging og gjennomføring av utvalsmøta.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Den som vert tilsett, må ha evne til å leggja fram innfløkte problemstillingar på ein oversynleg og systematisk måte og evne til å gjennomføra større utgreiingsarbeid. Me krev god skriftleg framstillingsevne. Personvernkompetanse vert lagt vekt på.

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein medarbeidar som er sjølvstendig, analytisk, god til å samarbeida med andre, vert motivert av å arbeida fram løysingar i komplekse saker med motstridande interesser, har god gjennomføringsevne og greier høgt arbeidspress.

Løn

kr 446 900–590 000

Kontakt

Nærare informasjon om stillinga får du ved avdelingsdirektør Geir Helgeland, tlf. 22 24 84 33, eller seniorrådgjevar Eldrid Byberg, tlf. 22 24 86 85.

Søknadsfrist

22.01.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    146420
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Engasjement

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger