Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Klok og forskningslysten?

Førsteamanuensis i fiskepatologi

Ved Institutt for biologi (BIO) (http://www.uib.no/bio) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i fiskepatologi, knytt til faggruppa Fiskehelse.

 

Om instituttet

BIO er med sine meir enn 200 tilsette og nesten 600 studentar blant dei største institutta ved Universitetet i Bergen. Instituttet er sterkt involvert i tema som livet sitt opphav, klima, effektar av globale endringar, fiskeri, havbruk, fiskehelse, ernæring, nordområda og utviklingsrelatert forsking. Om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

 

Gjennom samlokalisering og felles forskingsgrupper er forskinga ved BIO tett integrert med biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen og med nokre av dei tematiske avdelingane i Uni Research A/S. BIO held til i nye og moderne fasilitetar på Marineholmen.

 

Instituttet si undervisning dekkjer eit breitt spekter av biologiske disipliner og vert tilbydd gjennom eit breitt samansett bachelorprogram, sju retningar i eit masterprogram, eit sivilingeniørstudium i havbruk og sjømat og eit integrert masterprogram i fiskehelse, forutan doktorgradsutdanning.

 

BIO har eit Senter for framifrå undervising (SFU) og dermed eit særskilt fokus på utvikling av kvalitet i undervising og formidling. Det vert lagt vekt på utvikling av innovative undervisnings- og formidlingsaktivitetar i stillinga.

 

Bergen representerer ei av verdas største forskingsklynger for marin forsking og dette vert spegla av i visjonen for UiB som er «Hav, liv og samfunn». BIO har som mål å være ein leiande forskingsaktør innan marin ressursforsking nasjonalt og internasjonalt.

 

Institutt for biologi og Institutt for molekylærbiologi er frå 1. januar 2018 slått saman til Institutt for Biovitenskap, og vil med det danne et av Norges sterkaste og breiaste fagmiljø innan biovitskapeleg forsking og utdanning.

 

Arbeidsoppgåver / Forskingsområde

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie innan fiskepatologi knytt til profesjonsstudiet i fiskehelse. Den som vert tilsett vil få ansvar for vertebratundervisninga på instituttet sitt grunnemne i organismebiologi (BIO101).

Vidare skal vedkommande forske innan fiskepatologi, og samarbeide med andre tilsette ved instituttet. Det er forventa at den som tilsettast hentar inn eksterne midlar for å understøtte sin forsking. Vedkommande må og være førebudd på å ta på seg diverse verv og administrative oppgåver ved institutt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein aktiv forskar med røynsle frå forsking og undervising innan ulike sider av sjukdom hjå fisk med særleg vekt på kompetanse i patologi. Vi ønskjer ein kandidat som meistrer moderne metodar innan fiskepatologisk forsking, for å styrke den vitskaplege aktiviteten og undervisninga på dette feltet ved instituttet. Det er viktig at den som vert tilsett er dugande til undervisning og rettleiing, samt har føresetnader for å delta i bygginga av eit konkurransedyktig lag som kan ta hand om forsking på fiskesjukdomar og undervisning i fiskepatologi og vertebratanatomi.

 

  • Søkjarar må ha doktorgrad i fiskehelse eller veterinærmedisin eller eit anna relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.

  • Dokumentert erfaring frå forsking innan fiskepatologi er eit krav.

  • Erfaring frå leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet og erfaring frå forskingsstrategisk arbeid vert lagt vekt på.

  • Søkjarar må kunne dokumentere evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering

  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, samt  ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av søkjarane.

 

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Pedagogiske kvalifikasjonar og tidlegare undervisningserfaring vil bli vektlagt og søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar, samt gjere greie for planar og idear knytt til undervisning. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som vert tilsett må også kunne undervise på engelsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr. 558 500 – 650 200. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

 

Søknaden skal innehalde:

  • CV

  • vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

     

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Frank Nilsen, faggruppeleder for fiskehelse (telefon +47 55584412, e-post frank.nilsen@uib.no) eller til instituttleiar professor Ørjan Totland (telefon +47 47758058, e-post orjan.totland@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknader, sende på e-post til enkeltpersonar ved instituttet, vert ikkje vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146147
  • Intern-ID
    17/14660
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger