Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp, og vi har ei viktig rettleiingsrolle mot kommuneleddet. Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen skal medverke til gjennomføring av den nasjonale landbrukspolitikken, og vi er delegert oppgåver frå Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet.

Arbeidet er forankra i lovar, forskrifter og ulike andre politikkdokument. Rogaland er i særstilling eit viktig landbruksfylke, og det er difor store tilskotsordningar som blir forvalta ut mot næringa. Samstundes har næringa utfordringar knyta til dyrehelse og miljø.

Rådgivar/seniorrådgivar - husdyrfag

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Rogaland
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Arbeidssted
    Lagårdsveien 44, Stavanger
  • Jobbnorge-ID
    146112
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger