Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Klok og forskningslysten?

Postdoktor i oseanografi

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i oseanografi knytt til prosjektet INTAROS «Integrated Arctic observation system». Stillinga er for ein periode på 3 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Det overordna målet med INTAROS er å utvikle eit integrert arktisk observasjonssystem ved å utvide, forbetre og foreine eksisterande system i dei ulike regionene i Arktis. INTAROS er eit ambisiøst EU-prosjekt med deltakarar frå Europa, Nord Amerika og Asia, og prosjektet varer til 2021. INTAROS har eit sterkt tverrfagleg fokus og vil bruke ulike verktøy for å integrere data frå atmosfæren, havet, kryosfæren og landjorda. Sjå http://www.intaros.eu/ for meir info om prosjektet.

 

Eit integrert arktisk observasjonssystem vil legge til rette for meir velinformerte avgjersler og betre dokumenterte prosessar innan viktige sektorar som t.d. shipping, turisme, fiskeri. Dette vil styrke den arktiske regionen si samfunns- og økonomirolle og støtte EU sin strategi for Arktis og relatert maritim- og miljøpolitikk.

 

Geofysisk institutt sitt bidrag til INTAROS krev personell som både kan designe eit omfattande overvakingssystem for Arktis, som kan sette ut og ta opp måleinstrument i havet, og som kan analysere observasjonar av pågåande endringar i hav og sjøis i Arktis. Geofysisk institutt sitt hovudansvar vil vere å konstruere ein rigg med instrument som kan måle endringar i sjøisdanning, blanding under is, påverknad av havfysikk og biogeokjemi og korleis desse systema samhandlar. Riggen, som skal utstyrast med ny måleteknologi, vil stå i havet nord for Svalbard i eitt år. Den vil vere ein prototype for korleis havmålingar kan gjerast på høge breiddegrader. Viss utsettinga er vellukka vil denne prototypen bli inkludert i vegkartet for arktisk forsking i framtida. I INTAROS er det også ei postdoktorstilling i atmosfærevitskap, og samarbeid mellom dei to stillingane er både mogleg og ønskjeleg.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha ph.d.-grad i fysisk og/eller kjemisk oseanografi eller i eit nærliggande fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Det er ein fordel å ha erfaring med koordinering, arbeid i arktisk miljø, handtering av store datasett, og publisering.

  • Erfaring frå rapportering til nasjonale- eller EU-prosjekt er ein fordel.

  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og vilje til å samarbeide med andre.

  • Du må ha dokumenterte evner og interesse for publisering og gode evner i munnleg og skriftleg engelsk.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Det er ikkje undervisingsplikt, men det er forventa at kandidaten tar del i formidling av prosjektresultat. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tilsetjing skal den som vert tilsett kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget skal utformast i samarbeid med prosjektleiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort (1 side) utgreiing om dine forskingsinteresser og korleis desse høver med den utlyste stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV og liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professorane Truls Johannessen, Lars Henrik Smedsrud eller førsteamanuensis Are Olsen.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146077
  • Intern-ID
    17/15089
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger