Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Klok og forskningslysten?

Avdelingsingeniør

Ved Institutt for biologi (BIO) (www.uib.no/bio) er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør knytt til faggruppa Evolusjon og Økologi. Eit av hovudtemaa for forskinga som stillinga vert knytt opp mot er å undersøke korleis, og kvifor, økosystem endrar seg over tid. Vi er særskilt opptatt av å forstå dei samla effektane av naturleg økologisk variasjon og menneskeleg påverknad på økosystema, og korleis desse effektane varierer i tid og rom. I forskinga nytter vi eit bredt spekter av vitskaplege metodar, frå økologiske feltstudiar og eksperiment via paleoøkologiske teknikkar til datafangst frå digitale kjelder og modellering til å undersøke desse samanhengane.

 

Faggruppa har til saman om lag 30 tilsette fordelt på faste vitskaplege- post.doc-, stipendiatar og tekniske stillingar innanfor felta evolusjon og økologi. Forskinga er prosjektbasert, og aktiviteten inn mot spesifikke problemstillingar, metodar, organismegrupper, økologiske miljø og geografiske område vil derfor variere over tid, basert på fagleg utvikling i gruppa og tilgang på eksterne forskingsfinansiering inn mot ulike forskingsfelt og tema.

 

Stillinga som avdelingsingeniør vil være bunde opp mot dei større eksternt finansierte forskingsprosjekta, og mot undervisning. Fordi prosjektporteføljen vil variere over tid, vil arbeidsoppgåvene til avdelingsingeniøren også variere, men sentrale oppgåver vil vere forskjellig typar av økologisk og paleoøkologisk felt- og laboratoriearbeid, behandling av innsamla materiale, drift og datainnsamling frå felt- og laboratorieeksperiment, samt anna tilrettelegging i forbindelse med forsking og undervisning.

 

Institutt for biologi og Institutt for molekylærbiologi er frå 1. januar 2018 slått saman til Institutt for Biovitenskap, og vil med det danne et av Norges sterkaste og breiaste fagmiljø innan biovitskapeleg forsking og utdanning.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Feltarbeid, inkludert drift av eksperimenter, feltstasjonar og dataloggarar, innsamling og identifisering av plantemateriale, innsamling av prøvar og data frå terrestre og limniske habitat.

  • Laboratoriearbeid, inkludert gjennomføring av økologiske eksperiment, opparbeiding av biologisk materiale, bruk av standard økologiske og paleoøkologiske laboratoriemetodar.

  • Opparbeiding av data, inkludert enkle analysar og databasearbeid.

  • Hjelpe til i den daglige drift av prosjekta.

  • Assistere i undervisninga ved instituttet, både i førelesningar, feltkurs og laboratoriekurs.

 

Kvalifikasjonar:

  • Høgre utdanning på bachelor nivå frå universitet eller høgskule innan økologi, paleoøkologi eller tilsvarande relevant utdanning.

  • Erfaring frå relevant økologisk felt- og/eller laboratorie-arbeid.

  • Kunnskap om og interesse for identifisering av planter, først og fremst av skandinaviske karplanter, men kunnskap om andre plante- og dyregrupper i tillegg vil telle positivt ved vurdering.

  • Det er ein føremon med erfaring frå eit eller fleire av følgjande område: gjennomføring av økologiske eksperiment, opparbeiding av biologisk materiale og bruk av standard økologiske og paleoøkologiske laboratoriemetodar.

  • Ferdigheiter i bruk av databasar, enkle statistiske analysar, GIS eller andre relevante dataverktøy vil og være ein føremon.

 

Personlege eigenskapar:

  • Ei positiv innstilling til arbeid i felt under varierande forhold.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysings- og resultatorientert.

  • Nøyaktigheit i arbeidet på laboratoriet og i felt.

  • Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap.

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

 

Språk - både skriftleg og munnleg

Gode ferdigheiter i norsk og engelsk er eit føremonn.

 

Vi kan tilby:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent fagmiljø.

  • Moglegheiter for deltaking i feltarbeid, både lokalt og internasjonalt.

  • Arbeid i ei fagleg god og sosialt vel fungerande faggruppe.

  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø.

  • Avdelingsingeniørar vert løna etter lønssteg 42-52 (kode 1085/LR22.5-8) etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan en få ved å vende seg til førsteamanuensis Anne E. Bjune, tlf. 55 58 33 35/ e-post anne.bjune@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk via ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søknader sende på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146013
  • Intern-ID
    2017/15387
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger