Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Professor/ førsteamanuensis i drama og anvendt teater

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig stilling som professor/ førsteamanuensis i drama og anvendt teater ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett,  campus Bergen.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett  har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

 


Dramaseksjonen ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen, har 8 tilsette, der 6 er førstelektorar ,ein stipendiat og ein  professor. Seksjonen har og ein stipendiat. Ein dosent II er også knytt til seksjonen. Fagmiljøet tilbyr Bachelor i drama og anvendt teater, master i dramapedaogikk og anvendt teater. I tillegg inngår drama i kunnskapsområdet kunst, kultur og kreativitet i barnehagelærarutdanninga som obligatorisk emne og som spesialiserande emne. Drama er og eit sentralt emne i det spesialiserande emnet kultur og komparative studier i barnehagelærerutdanninga. Drama inngår og som læringsform i grunnskulelærerutdanninga 1-7 og 5-10. Søkjarar må kunne bidra både inn i grunnutdanning og på emner i bachelor- og masterutdanningane. Søkjarar med professorkompetanse vil også kunne bidra til fakultetets PhD program, Danning og didaktiske praksisar.



Ansvars- og arbeidsområder

Stillinga er primært knytt til bachelor- og masterprogramma i drama og anvendt teater. Stillinga kan også omfatte undervisningsoppgåver på ulike nivå innanfor grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga

  

Det er forventa at den tilsette deltar i det faglege og administrative arbeidet, i utvikling av forskingsmiljø innan drama og anvendt teater, samt at ein arbeider for å styrke drama som fag inn i barnehage, skule og kulturskule. Også på andre samfunnsarenaer kan drama og anvendt teater inngå i dannings- og kunnskapskontekster, til dømes i forhold til marginale grupper, migrasjon, fleirkulturell danning, helse og omsorg, bedriftsliv og kulturliv. Stillinga vil derfor bli knytt til undervisning med fokus på korleis dramafaglege aktivitetar kan inngå i, utvikle, og byggje kunnskap og motiverande kunstfagdidaktiske praksisar, i undervisnings- og utdanningsinstitusjonar og på ulike samfunnsarenaer.

 

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar  må ha doktorgrad i drama eller tilsvarande utdanning med høg relevans for det utlyste fagområdet. Søkjarar som søkjar stilling som professor må oppfylle krava  som gitt i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 1-2.


Dersom ingen søkjarar er  kvalifisert til stilling som professor, vil man vurdere søkjarar til stilling som førsteamanuensis.


Undervisningsspråket er norsk. Søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsetjingsdatoen. Søkjarar som ikkje har lærarutdanning eller pedagogisk utdanning, må ved tilsetjing fullføre kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsetjingsdatoen. 

Det er en føresetnad  at den som vert tilsett kan undervise og veilede på engelsk på master- og doktorgradsnivå. Gode engelskkunnskaper er derfor en føresetnad.

 

Høgt etisk medvit  i møte med studentar er og påkravd.

 

 

Tilleggskrav

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar  vil det også bli lagt vekt på følgande kvalifikasjonar:

  • undervisningserfaring og gode formidlingsevner
  • erfaring med anvendt teater
  • erfaring frå internasjonalt samarbeid
  • evne til samarbeid og til å skape gode arbeidsmiljø
  • erfaring med søknadsskriving etter forskingsmiddel
  • erfaring med å leie forskingsprosjekter
  • evne til nytenkning
  • administrative evner og erfaring
  • språkferdigheter i engelsk
  • regikompetanse

Søkjarar til stillingane vert vurdert av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og bedt om å holde ein prøveforelesing.

 

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga»” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkjarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Lønnsvilkår

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Professor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1013

 

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

 

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

 

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

 

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

 

Hjemmeside

 

Kontaktpersoner:

Seksjonsleiar Mette Bøe Lyngstad 55 58 59 45 / 98017161  mbly@hvl.no

Instituttleiar Oded Ben-Horin  53 49 14 56

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. februar 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen på Vestlandet
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    campus Bergen
  • Jobbnorge-ID
    146005
  • Intern-ID
    17/12509
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger