Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Bli med å skape fremragende forskning

Instituttleiar ved Institutt for framandspråk

Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar for Institutt for framandspråk.

Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om forlenging i inntil to nye periodar. Tilsetjing frå 01.08.2018.

Instituttet har meir enn 50 tilsette i faste vitskapelege stillingar, om lag 20 doktorgradskandidatar, stipendiatar og postdoktorar og 12 tilsette i tekniske og administrative stillingar. Sjå instituttet sine heimesider http://www.uib.no/if/ for oversikt over fagområda.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Det valde fakultetsstyret legg overordna rammer for verksemda ved fakultetet og institutta. Den som vert tilsett, vil vere den øvste leiaren av instituttet og vil utgjere ei leiargruppe saman med forskingskoordinator, undervisningskoordinator, administrasjonssjef og studieleiar.

Instituttleiarane deltek også i den rådgjevande leiargruppa ved fakultetet saman med dekanat og fakultetsdirektør.

Instituttleiaren har det overordna ansvaret den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet innanfor gjeldande lover og regelverk. Instituttleiaren får si myndigheit etter delegasjon frå fakultetet og har dekanen som næraste overordna.

Instituttleiaren har utvida fullmakter til å prioritere og gjere strategiske val innafor ressursane ved instituttet. Instituttleiaren har ansvar for å leggje fram saker som gjeld strategi, økonomi, planar og meldingar for instituttrådet og skal sørgje for at instituttet har oppdaterte strategiar og system for kvalitetssikring av instituttets verksemd. Ressursforvaltinga ved instituttet omfattar m.a. ansvar for og utforming av årsplan og budsjett innafor rammevilkår gitt av fakultetsstyret, ansvar for å sikre rasjonell drift og budsjettbalanse.

Ansvarsområdet for leiaren omfattar strategisk, organisatorisk og fagleg-politisk leiing. Instituttleiaren har også ansvar for å utvikle og følgje opp mål for forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Instituttleiar har personalansvar for alle tilsette ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak, og har innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker.

Kvalifikasjonar

Til stillinga søkjer fakultetet ein velkvalifisert forskar, normalt med professorkompetanse og leiarerfaring innanfor instituttet sitt fagområde eller nærskylde fagfelt. Søkjarane må ha god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved instituttet.

Den som vert tilsett, må vere resultatorientert og personleg eigna for stillinga, og det vert lagt stor vekt på denne vurderinga. Vidare må den som vert tilsett ha gode evner til å samarbeide, til å kommunisere og til å motivere og leie. Dessutan må den tilsette kunne skape gode relasjonar til og mellom dei tilsette.


Løn

Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale (kode 1475)/ ltr. 83-87 (frå kr. 860 100 - 966 500, avhengig av kompetanse og praksis). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Nærare opplysningar

Dekan Jørgen Sejersted, tlf. 55 58 29 75/474 49 536 jorgen.sejersted@uib.no eller

fakultetsdirektør Kim Ove Hommen, tlf. 55 58 93 41/908 85 702 kim.ove.hommen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida, ”Søk stillingen” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 31.01.2018

Søknaden skal merkast: 17/15741

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145962
  • Intern-ID
    17/15741
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger