Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bli med å skape fremragende forskning

Avdelingsingeniør (programmerar) - fornya utlysing

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som avdelingsingeniør i eksternt finansiert verksemd. Stillinga er dei første 2 åra knytt til prosjektet "How do soluble proteins bind to biological membranes?", finansiert av Forskingsrådet. Den som blir tilsett, vil jobbe i forskingsgruppa til professor Nathalie Reuter (http://www.uib.no/rg/reuter). Gruppa er lokalisert ved Computational Biology Unit.

Om instituttet
Instituttet har 6 forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Instituttet er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. For meir informasjon, se instituttet sine websider: http://www.uib.no/ii

Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber utvikling og vedlikehald av webbasert programvare for analyse av protein-fleksibilitet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein mastergrad som inkluderer omfattande trening i programmering.
  • Erfaring med utvikling og deployment av web-baserte løysingar er eit krav.
  • Kjennskap til Python web-rammeverk er ein fordel.
  • Interesse og evne til å jobbe med vitskaplege datamodellar, enten med relevant erfaring eller med utdanning i molekylærvitskap, er ein fordel.
  • Relevant praksis relatert til utvikling av programvare for bioinformatikk eller molekylmodellering er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Vi kan tilby

  • eit godt, fleksibelt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 47-52 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida brutto kr 416 600 – 451 300.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknadsfrist: 31. januar 2018

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Computational Biology Unit , e-post: nathalie.reuter@uib.no / telefon: +47 55 58 40 40.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145874
  • Intern-ID
    2016/10942
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger