Universitetet i Bergen

IT-avdelingen

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst

Mac/Linux driftar - avdelingsingeniør/overingeniør - vikariat

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!

 

Ved IT-avdelinga, Faggruppe Unix er det ledig eit vikariat for perioden 1.1 2018 – 31.12.2019 som avdelingsingeniør/overingeniør knytt til utvikling og drift av Mac og Linux klientar. Stillinga kan verta forlenga og omgjort til fast stilling.

 

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 100 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

 

 

Oppgåver:

  • Teknisk ansvarleg for Mac klientdrift ved UiB.

  • Drift og utvikling av eit stort Linux/Mac klientmiljø.

  • Ansvar for datasikring i operativsystem og applikasjonar.

  • Konfigurasjonsstyring av operativsystem og applikasjonar.

  • Fokus på automatisering av driftsoppgåver.

  • Dokumentasjon av løysingar og rutinar.

 

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Interesse for brukarinteraksjon.
  • Likar å jobbe med ny teknologi.
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide og lede team.
  • Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet.
  • Kompetanse om drift av Linux og Mac.
  • Det er eit fortrinn viss du har kjennskap til konfigurasjonsstyring med Puppet/GIT eller DEP/ MDM verktøy.
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

 

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

 

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet

  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) eller overingeniør (kode 1087) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 36-52 (for tida kr 357 100 - 451 300 ) eller 53-60 (for tida kr 459 100- 517 700) i det statlege lønsregulativet

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Fleksitid og gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no, mobil 982 43 689).

 

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 03.01.2018

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Faggruppa Unix
  • Jobbnorge-ID
    145494
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger