Universitetet i Bergen

IT-avdelingen

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst

Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!

 

Ved IT-avdelinga er det ledig to faste stillingar som avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av IT-teknologi som skal støtte drifta av laboratoria ved UiB.

 

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 100 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

 

Vi er i ferd med å etablere ei ny IT-teneste som skal støtte laboratoriedrifta og forskinga ved UiB. For å finne tekniske løysingar som dekkjer forskinga sine behov og som samstundes varetar krav til stabil drift, datatryggleik og personvern vil dette arbeidet krevje tett samarbeid med fagmiljøa

 

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utvikling, innføring og drift/forvalting av ny moderne IT-infrastruktur for laboratoriedrift.

  • Delta i vaktordning i ordinær arbeidstid. Arbeidet vil krevje «hands on» (feltarbeid) og store deler av arbeidet vil gå føre seg ute i laboratoriemiljøa, og i tett samarbeid med laboratoriepersonell og forskarar.

  • Være med å etablere og vedlikehalde felles dokumenteringssystem og erfaringsbase for IT i laboratoria.

  • Samarbeide med leverandører av laboratorieinstrument.

  • Være oppdatert på teknologi og trendar innanfor feltet, særleg IoT.

  • Utvikling, innføring og forvalting av driftskonsept for nettverk.

  • Utvikling, innføring og forvalting av driftskonsept for Windows klientmaskiner og servarar.

  • Lagring

 

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har allsidig IT-teknisk kompetanse og god teknisk forståing
  • Du har blikk for heilskaplege tekniske løysingar og lyst til å få ting til å fungere
  • Du trivast å arbeide i team, er inkluderande og ha eit ynskje om å dele kunnskap
  • Du er flink med folk og har interesse for brukarkontakt og å hjelpe andre
  • Du kan arbeide sjølvstendig målretta
  • Du er god på å dokumentera og arbeider strukturert
  • Du har røynsle med standardiserte og automatiserte driftsopplegg
  • Du har både evne og ynskjer om å halda deg oppdatert og stadig tileigne deg ny kunnskap om ny teknologi

 

Du har erfaring frå minst eit av desse områda:

  • Windows servar eller klientdrift
  • Programvaredistribusjon
  • Scriptspråk
  • Automatisering og løysingar for sjølvbetening
  • Drift og sikring av stort nettverk
  • Automatisering av nettverk med DevOps/NetDevOps 
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

 

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

 

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet

  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085), overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 36-52 (for tida kr 357 100 - 451 300 ), 53-60 (for tida kr 459 100- 517 700), eller 58-65 (for tida kr 499 600- 569 000) i det statlege lønsregulativet

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Fleksitid og gode velferdsordningar

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar Irene Husa (Irene.Husa@uib.no, mobil 901 37 494), seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (Jan.Johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller seksjonsleiar Magne Bergland (Magne.Bergland@uib.no, mobil 480 96 660).

 

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 03.01.2018

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145485
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger