Universitetet i Bergen

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forskning

UNIVERSITETET I BERGEN (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet med over 14 000 studentar og vel 3500 tilsette ved seks fakultet og Universitetsmuseet. Universitetet er lokalisert midt i hjartet av Bergen. Det viktigaste bidraget universitetet gjev til samfunnet er framifrå grunnforsking og utdanning med ei stor fagleg breidd.

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marine­holmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administra­sjonen.

 

Seniorforskingsteknikar (kode 1513) ved Sarssenteret

Ved Sarssenteret er det ledig ei permanent fulltidsstilling som seniorforskingsteknikar i dyrefasiliteten tilknytt Marios Chatzigeorgiou si forskingsgruppe. Ønska startdato for stillinga er mars 2018 og teknikaren vil arbeide i den planktoniske Ciona intestinalis kulturfasiliteten (Ascidian) ved Sarssenteret.

 

Arbeidsoppgåver:


Hovudansvaret vil være å byggje og styre eit kunstig sjøvassbasert system og å oppgradere med sensornettverk dei to naturlege sjøvassbaserte systema til oppfostring av ville og transgen Ciona intestinalis dyr. Vidare inkluderer ansvaret dagleg drift av fasiliteten, samt organisering og utføring av ekskursjonar i forbindelse med innsamling av dyr frå Bergensområdet for å populere dei naturlege sjøvassystema med jamne mellomrom (omtrent annankvar veke). Oppgåver inkluderer programmering, elektronikkbygging, mating og oppdrett av dyra, vedlikehald og dyrking av algedepot, bygging og vedlikehald av utstyr, periodiske ekskursjonar og støtte til vitskapeleg personell i prosjektrelatert innsamling og manipulering av dyr. Noko helge- og feriearbeid må påreknast, dette blir kompensert for i tråd med UiB sine reguleringar. Arbeidsspråk er engelsk og norsk. 

 

Kvalifikasjonar og eigenskaper:

  • Tidligare erfaring med vedlikehald av dyrefasilitetar, alge og/eller zooplanktondyrking er ønskeleg
  • Pålitelege arbeidsvanar, reinsligheit og evne til produktiv samhandling med vitskapeleg personale er essensielt 
  • Generell interesse for akvatisk liv og dyrepleie er ønskeleg
  • Evne til å byggje og gjennomføre elektronisk arbeid relatert til små ingeniørprosjekt er eit krav
  • Kjennskap og praktisk erfaring med korleis ein bygger elektriske kretsar ved bruk av Arduino og RasberryPi og andre COTS-baserte deler er eit krav
  • Relevant vidaregåande utdanning eller spesialisert utdanning relatert til dei nemnte oppgåvene saman med lang og relevant arbeidserfaring. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Søkaren må kunne kommunisere flytande (skriftleg og munnleg) på engelsk

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
  • Løn som seniorforskingsteknikar (kode 1513) frå lønnstrinn 35 til 45 (for tida kr 352.900-404.000), avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for eksepsjonelt kvalifiserte søkarar
  • Medlem i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk eller norsk:


Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på www.jobbnorge.no. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

Søknader på e-post vert ikkje vurderte.

 

Søknadsfrist: 29. desember 2017


Generell informasjon:


Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppeleiar Marios Chatzigeorgiou, tlf.: +47 55 58 43 58, email: Marios.Chatzigeorgiou@uib.no.


UiB er ein organisasjon som i særlig grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadane. Den som vert tilsett må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

 

Den statlege arbeidsstyrka skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandringsbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmode om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145477
  • Intern-ID
    2017/14957 - Chatzigeorgiou
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger