Barne-, ungdoms- og familieetaten

KASA ungdomssenter - Bergen

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

KASA ungdomssenter - Bergen skal gi institusjonstilbod til barn/unge i alderen 13-15 (18) år som av ulike grunnar treng eit opphald i institusjon. Opphaldet skal som utgangspunkt vere kortvarig, men i einskildtilfelle kan òg lengre opphald vera aktuelle. Målgruppa er definert som ungdom med alvorleg tilknytningsforstyrring frå tidleg barndom.

Bortsett frå akuttplasseringar, skal KASA gi tilbod for alle andre plasseringsheimlar i barnevernlova. KASA skal etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling.

KASA har 5 avdelingar, geografisk spreidde, og med 3 eller 4 plassar på kvar. KASA samarbeidar med statlege fosterfamiliar for å gi eit heilskapleg tilbod med omsyn til stabilitet og kontinuitet for barnet/ungdommen.

Avdelingsleiar - fast 100 % stilling

Ved KASA ungdomssenter - Bergen er det ledig ei fast stilling som avdelingsleiar i 100 % stilling.

Vi har og ledig eit vikariat som avdelingsleiar i 100 % stilling med varigheit frå d.d. til 31. desember 2018. Vikariatet kan verta forlenga eller omgjort til fast stilling.

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde

I Bufetat vert det jobba etter eit kunnskapsbasert barnevern sett i høve til målgruppe og metodikk. I KASA legg vi særskilt vekt på traumebasert omsorg i tilnærming og behandling.

  • Rammer for leiing i staten generelt og i Bufetat spesielt, skal følgjast. Du må
    • samarbeide med einingsleiar, og bidra til utvikling av fagleg tjenestetilbod i samsvar med nasjonale og regionale føringar, standardar og brukarane sine behov
    • gjennomføre endringar i samarbeid med einingsleiar og samarbeide med kommunar og andre samarbeidspartnarar
    • halde deg til lovar, reglar og retningslinjer som gjeld for fagområdet og for statleg verksemd
  • Avdelingsleiar har i samarbeid med resten av leiarteam og psykolog oppfølgings- og rettleiingsansvar for miljøterapeutane i KASA. Personaladministrasjon er ein del av dette arbeidet.
  • Avdelingsleiar skal følge opp alt plan- og rapporteringsarbeid på avdelingane og er ansvarleg for at dette vert gjort i tråd med eininga sine rutiner
  • Avdelingsleiar skal bidra til fagutvikling med vekt på traumebasert omsorg og behandling samt jobbe med vidare utvikling og implementering av traumebasert omsorg og mentalisering som tilnærmingsmetode i miljøarbeidet
  • Avdelingsleiar har ei viktig rolle i høve til samarbeid med inntak og oppfølging i Bufetat, og skal følge opp inntaksarbeidet etter at avgjerd om inntak er tatt

Dei eksterne samarbeidspartane vil oftast vera foreldre, barnevernteneste, skular, ot/ppt og helse/bup. Avdelingsleiar har ei sentral rolle i dette samarbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Krav til formalkompetanse: Minimum 3-årig utdanning frå høgskule/universitet, som gjennomført bachelorgrad eller 180 stp. innan sosialfag. Ved lang erfaring med målgruppa kan anna 3-årig utdanning vurderast. I tillegg er det ønskjeleg med minimum 15 stp. innan leiing og administrasjon.
  • Krav til erfaring: Relevant erfaring frå administrasjon og gjennomføring av daglig drift, herunder planlegge, evaluere og ta avgjerd innafor eige ansvarsområde. Rettleiingskompetanse og/eller -erfaring.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå/kjennskap til barnevernsarbeid kommunalt eller frå institusjon samt arbeid med barn/ungdom og familiar.
  • Øvrige krav: Du må kunne ha ansvar for fag, økonomi, personal og internkontroll for eigen avdeling.

Det vert stilt store krav til kommunikasjon og samarbeid på eigen eining, i Bufetat og i høve til eksterne samarbeidspartnarar. Avdelingsleiar må

  • ha svært gode leiareigenskapar og gode analytiske evner
  • vere resultatorientert, fleksibel og ha omstillingsevne.
  • bidra til, og legge til rette for gode prosessar, motivasjon og utvikling av eigne medarbeidarar
  • kunne handtere personalkonfliktar
  • ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne

KASA har i mange år hatt mentalisering som tilnærmingsmetode i miljøarbeidet. Kjennskap til dette metodikken vil vera ein føremonn. Vi vonar du som søkar har evne til å inspirere medarbeidarar, har evne til å jobbe sjølvstendig og vera aktivt med på å utvikle institusjonen saman med dei andre medarbeidarane. Du må kunne jobbe grundig, målretta og hurtig både åleine og i ulike team.

Vi kan tilby

  • Eit utviklande og godt arbeids- og fagmiljø.
  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som avdelingsleiar i kode 1407, p.t. kr 436 900-590 000 pr. år (ltr. 50-67). Lønn vert vurdert etter utdanning og røynsle.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar

  • Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Bufetat har som eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttera personar med fleirkulturell bakgrunn.
  • Stillingane er for tida lagt til KASA ungdomssenter - Bergen.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25

Kontaktperson for stillinga

Leiar Rolf Arne Nygård, tlf. 466 19 632.

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju eller leggjast ved elektronisk.

Søknadsfrist: 21. desember 2017

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145476
  • Intern-ID
    Vest 105/17
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger