Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Bli med å skape fremragende forskning

Stipendiat i mikrobiell økofysiologi

 

Ved Institutt for biologi er det ledig ei stilling som stipendiat i mikrobiell økofysiologi med fokus på anaerobe mikroorganismar som lever i varmekjelder på djuphavet. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga er knytt til eit tverrfaglig miljø i forskingsgruppa Djuphavsbiologi og K. G. Jebsen Senter for Djuphavsforsking. Det overordna målet med forskingsprosjektet er å kartleggja det funksjonelle mangfaldet til sulfat-reduserande mikroorganismar i varmekjelder på havbotnen for å forstå deira rolle i å kople biogeokjemisk omsetjing av karbon og svovel. Det vil fokuserast på å avdekka korleis dei sulfatreduserande mikroorganismane både metabolsk og fysisk samverkar med andre mikroorganismar i økosystemet. Prosjektet vil og undersøkja kva for biotiske og abiotiske miljøfaktorar som styrer deira utbreiing i varmekjeldane. Prosjektet er tverrfagleg og omfattar bruk av geokjemiske metodar, kultivering og anriking av mikroorganismar, mikroskopi, metagenomikk, metaproteomikk og proteinkjemi. Hovudområdet for Ph.d.-arbeidet er varmekjelder på den Arktiske Midthavsryggen.

 

Arbeidsoppgåver inkluderer

  • Anriking og kultivering av anaerobe mikroorganismar
  • Analyse av vekst ved bruk av mikroskopi, kvantitativ PCR og geokjemi
  • Ekstraksjon fra miljøprøver av DNA og protein for høvesvis metagenomikk- og metaproteomikk studier
  • Kloning, ekspresjon, reinsing og karakterisering av utvalde enzym
  • Deltaking på forskingstokt

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i mikrobiologi eller molekylærbiologi/genetikk eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med dyrking av anaerobe mikroorganismar er eit krav.
  • Eit krav er også erfaring med geokjemiske målinger av alkaner og H2S.
  • Erfaring med proteinkjemi er ein føremon.
  • Innsikt i ekstraksjon av DNA og / eller protein frå miljøprøvar er også ein føremon
  • Erfaring med å jobbe i eit tverrfaglig miljø er ein føremon
  • Tidligare deltaking på forskingstokt er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

 

Professor Ida Helene Steen, Universitetet i Bergen, ida.steen@uib.no  +47 55588375

 

Forsker Rune Stokke, Universtetet i Bergen, runar.stokke@uib.no  +47 55583861

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her  

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    26. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145386
  • Intern-ID
    2017/14578
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger