Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Kunnskapsrik og målbevisst

Førsteamanuensis ved Institutt for geovitskap

Ved Institutt for geovitskap er det ledig eit 3-årig vikariat i 25 % som førsteamanuensis innan sedimentologi og strukturgeologi av sedimentære basseng.

 

Institutt for geovitskap (GEO) er eitt av åtte institutt ved det Matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB). Instituttet femner om eit vidt felt av geologiske og geofysiske disiplinar.

 

Institutt for geovitskap er organisert i fire tematiske forskargrupper: Basseng- og reservoarstudiar, Geokjemi og geobiologi, Geodynamikk og Kvartære geosystem. Sjølve forskinga er prosjektstyrt, med ein prosjektleiar for kvart prosjekt.

 

Vitskapleg tilsette har tilgang på moderne fasilitetar, inkludert analytiske laboratorium, kraftig data-infrastruktur og forskingsfartøy. Instituttet driv ei rekkje nasjonalt støtta forskingsfasilitetar, slik som det nye Earth Lab (Earth Surface Sediment Laboratory) som dekkjer ei rekkje instrument for karakterisering av sediment og sedimentære bergartar. Basseng- og reservoargruppa har også digitale blotnings- og seismiske tolkingslaboratorium med sterke arbeidsstasjonar og moderne programvare.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Den ledige stillinga er knytt til basseng- og reservoargruppa, som er samansett av strukturgeologar, sedimentologar, sekvensstratigrafar og geofysikarar. Sedimentologi og strukturgeologi av sedimentære basseng er fagfelt som er relevant for fleire av forskingsgruppene ved instituttet.

 

Kandidaten som skal tilsetjast er venta å bidra først og fremst til undervising men også til forsking innan bassenganalyse og petroleumsgeovitskap.Den som vert tilsett skal ta del i undervisinga ved instituttet både på bachelor- og mastergradsnivå, og delta i å rettleie studentar på master- og PhD-nivå. Emneundervising tillagt denne stillinga vil fortrinnsvis vere innan sedimentologi, sekvensstratigrafi og petroleumsgeovitskap.

 

Universitetet sine generelle forskrifter krev at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamensarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha

    • doktorgrad innan relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse

    • erfaring med strukturell utvikling av nettverk av normalforkastingar

    • undervisningserfaring frå strukturgeologi og/eller sedimentologi

  • Søkjarar må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format innanfor strukturgeologi og/eller tektonosedimentære analyser av sedimentære basseng

  • Erfaring med analyse av undergrunnsdata ved bruk av 3D-seismikk og brønndata for å undersøkje forkastings- og/eller foldevekst vil vere essensielt.

  • Direkte erfaring med petroleumsgeovitskap innan leiting eller produksjon av hydrokarbonar vil vere ein føremon

  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 62 – 70 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV

  • vitnemål

  • attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • namn på tre referansar

  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Instituttleiar Ingunn Hindenes Thorseth, Institutt for geovitskap,

epost Ingunn.Thorseth@uib.no, tlf. + 47 55 58 34 28 / +47 415 28 683

eller

professor Robert Gawthorpe, Institutt for geovitskap,

epost Rob.Gawthorpe@uib.no, tlf. +47 55 58 34 38 / +47 453 92 790

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    26. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145375
  • Intern-ID
    17/14577
  • Omfang
    Fast 25%
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger