Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunal og sentral mynde, med høve til å spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.

Rådgjevar - jurist

Ved Helse- og avdelinga er det ledig fast stilling for rådgjevar – jurist.

Stillinga er ledig frå januar 2018. Helse- og sosialavdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver, og fører tilsyn med barnevern, helse-, omsorg- og sosialtenesta i fylket. Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med barnevern-, sosial-, helse-, juridisk-, pedagogisk-, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.

Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelsetenester og nasjonale styresmakter. Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål. I arbeidet med folkehelse og tiltak for sosial utjamning samarbeider dei med dei andre avdelingane i embetet og eksterne instansar.

Stillinga er knytt til helseseksjonen. Oppgåvene er i hovudsak behandling av saker innan fagområda helse og omsorg, rettleiing og informasjon til brukarar, tilsette og leiarar i tenestene. Andre oppgåver kan bli tildelt etter avtale med seksjonsleiar. Arbeidet er utoverretta. Det er variert og i stor grad tverrfagleg.

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • erfaring frå og interesse for offentleg sektor og forvaltning
  • kunnskap om aktuelle lovverk

 

Personlege eigenskapar

Personen vi søkjer, må ha interesse for helserett og kunne formidle kompliserte problemstillingar på ein god måte.

 

God munnleg og skriftleg formidlingsevne på nynorsk og bokmål er ein grunnleggjande føresetnad.

Vi ber om å få lagt fram arbeid som viser dette i praksis. Aktuelle søkjarar til stillinga blir bedt om å avleggje skriveprøve.

 

Den som får stillinga, må kunne arbeide systematisk og sjølvstendig innan dei fristane som er sett og vere innstilte på å samarbeide nært med kollegaer. Dette gjeld tildelte saker og i avdelinga sitt samla arbeid. Gode samarbeidsevner, evne til systematisk arbeid, fleksibilitet og omstilling blir vektlagt.

 

Vi tilbyr

  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse med høve til bustadlån
  • bedriftsidrettslag
  • kontor sentralt i Bergen
  • høve til personleg og fagleg utvikling

Vilkår

Stillinga er plasserte i stillingskode 1434 rådgjevar og lønna i tråd med gjeldande lønnspolitikk, frå kr. 455000,- til kr. 530 000,-.

For særs godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Dei første seks månadane er prøvetid.

 

Fylkesmannen følgjer avtale om fleksibel arbeidstid i staten og andre statlege tilsetjingsvilkår. Tenestemålet er nynorsk. Fylkesmannen ønskjer mangfald, og oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet, eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

 

Nærare informasjon om stillinga får du hjå fylkeslege Helga Arianson, fmhohar@fylkesmannen.no, tlf. 970 33 108 og seksjonsleiar Sjur Lehmann, tlf. 55 57 22 18.

 

Du søkjer stillinga ved å nytte elektronisk søknadsskjema på www.jobbnorge.no. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

 

Søkjarlista til stillinga er offentleg. Unntak frå offentleggjering kan berre gjerast i særlege høve.

 

Søknadsfrist: 18. desember 2018

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Hordaland
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen sentrum
  • Jobbnorge-ID
    145288
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger