Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Bli med å skape fremragende forskning

Stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Ved Institutt for Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei stilling som stipendiat for ein periode på 4 år knytt til forsking innan datajournalistikk. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet. Stillinga er lagt til instituttet si satsing i Media City Bergen.

 

I 2017 ble BT, BA, NRK, TV2, Vizrt, og deler av Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB samla i medieklynga Media City Bergen. I samspel med medieteknologiselskap og innhaldsprodusentar bygger instituttet opp eit internasjonalt attraktivt forskings- og utdanningsmiljø innan medieteknologi og innhaldsproduksjon. Instituttet har starta seks nye og profesjonsorienterte studieprogram med stor yrkesrelevans på bachelor- og masternivå innan journalistikk, fjernsynsproduksjon, medie- og interaksjonsdesign. Utdanningstilboda vil gi viktig kompetanse for ein bransje med store omstillingsbehov. Instituttet har etablert eit mastertilbod i undersøkande journalistikk, og arbeider med planer om å etablere eit senter for undersøkande journalistikk i 2018.

 

Når samfunnets infrastruktur vert digitalisert ender våre data og kunnskapskjelder i databasar og informasjonssystem. For å sikre kritiske auge inn i desse systema treng vi journalistar som ikkje berre kan bruke dei, men som også har kompetanse til å utvikle nye databaser og å analysere slike system. Ein sentral pådrivar for datajournalistikken har vore store datamengder som gjer at manuell gjennomgang ikkje lenger er realistisk. Datateknologi har slik blitt eit naudsynt element i journalistikken, og teknologisk spisskompetanse står sentralt i den journalistiske handsaminga av kjeldemateriale.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Til denne stillinga søkjer vi ein kandidat som kan styrke instituttet si forsking innan området datajournalistikk, forstått som utvikling og bruk av informasjonsteknologiar i innhenting, bearbeiding og formidling av store datamengder til journalistiske formål, samt analyser av slike system i ein journalistisk kontekst. Aktuelle forskingsområde inkluderer menneske-maskin-interaksjon (HCI), statistisk analyse, crowdsourcing, data mining,  datavisualisering, mediedesign, algorithmic accountability, informasjonsgjenfinning (ink. kunstig intelligens) og prosessering av naturlig språk (NLP).

 

Stipendiatstillinga er eit bidrag til å styrke forskingsaktiviteten innan journalistikk og teknologi ved instituttets avdeling i Media City Bergen. Den som vert tilsett skal òg bidra til å utvikle fagleg dialog og samarbeid mellom forsking- og utdanningsmiljøet og mediebransjen, t.d. gjennom å arrangere seminar og workshops. Den som vert tilsett må ta del i undervisningstilboda ved instituttet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i informasjonsvitskap, medievitskap, journalistikk eller tilsvarande kompetanse, eller ha levert mastergradsoppgåva til bedømming innan søknadsfristens utløp. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med forsking på medie- og kommunikasjonsteknologi vil vere ein fordel.
  • Programmeringskompetanse vil bli tillagt vekt (til dømes: java, python, r, php, c, ES6 eller tilsvarande).
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt kunne arbeide i tverrfaglege team.
  • Flytande i engelsk munnleg og skriftleg.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

 

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 435 500,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd

  • Gode velferdsordningar

 

Prosjektet:

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 3-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet og ein publiseringsplan. Den skal gjere greie for problemstillingar og materiale, samt val av teori og metode. Det vert lagt til grunn at det er realistisk å gjennomføre prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

  • Prosjektskildring

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad

  • Relevante attestar

  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • Eventuelle publikasjonar

  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

 

 

Søknaden må merkas: 17/14565

 

Søknadsfrist: 15. januar 2018

 

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

 

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder Leif Ove Larsen, e-post leif.larsen@uib.noeller tlf.: +47 55 58 41 16.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Bodil Hægland, telefon: 555 89 053, e-post: bodil.hagland@uib.no.

 

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-post hanne.gravermoen@uib.no, tlf. +47 55 58 90 68.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145283
  • Intern-ID
    17/14565
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger