Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bli med å skape fremragende forskning

Senioringeniør/overingeniør

Ved Institutt for informatikk (http://www.uib.no/ii) er det ledig ei stilling som senioringeniør/overingeniør, knytt til Computational Biology Unit (CBU). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då redusert.

 

Stillinga er ein del av CBU Service Group og tar del i programmering og utvikling av programvaresystem i eit vitskapelig miljø med fokus på e-infrastruktur for bioinformatikk og berekningsbasert biologi. Stillinga er knytt til prosjektet Elixir Norway og det nordiske prosjektet ”Tryggve2” med fokus på eit sikkert berekningsmiljø for forsking på sensitive data, t.d. genetiske data frå menneske. Prosjektet inkluderer deltaking frå Sverige, Finland, Danmark i tillegg til Norge.

 

Computational Biology Unit (CBU) (http://www.cbu.uib.no/), er eit leiande senter for bioinformatikk forsking og inkluderer både grunnleggjande og anvendt forsking. CBU tilbyr støtte og praktisk bistand til forskarar innan livsvitskap og koordinerer utdanning av neste generasjons berekningsbaserte biologar. Systemutviklaren vil bli del av ei gruppe erfarne utviklarar i CBU Service Group (http://www.cbu.uib.no/cbu-service-group) og han/ho vil òg vere del av den norske Trygggve2 gruppa som og inkluderer ansatte i Oslo.

 

Arbeidsoppgåver

Utvikling og vedlikehald av programvare og system for analyse og deling av sensitive biomedisinske data. I dei tre første åra knytt til Tryggve2 prosjektet saman med samarbeidspartnarar i Norden knytt til dei fire nordiske Elixir-nodane.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha mastergrad eller tilsvarande i informatikk, helst innan bioinformatikk. Lang relevant arbeidserfaring med programutviklingsarbeid kan eventuelt kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar.

  • Søkjarane må ha relevant erfaring med utvikling av web-basert programvare

  • Søkjarane må meistre Java programmering på eit høgt nivå.

  • Erfaring med Python er ein fordel

  • Erfaring med bruk av Docker ”containere” (både bygging og handtering)

  • Erfaring med orkestrering av ”containere”, til dømes Docker Swarm, er ein fordel

  • Erfaring med minst eitt HPC kø-system er ynskjeleg, helst Slurm.

  • Erfaring med sky-baserte plattformar, til dømes OpenStack, er ein fordel.

  • Praktisk erfaring med workflow / arbeidflytar som inkluderer utføring av fleire programvarekomponentar er ein stor fordel.

  • Grunnleggjande kunnskap innan molekylærbiologi/biomedisin er ein stor fordel.

  • Personlege eigenskapar viktig for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

  • Stillinga krev god evne til kommunikasjon. Flytande engelsk, både skriftleg og munnleg er naudsynt.

  • Vi forventar entusiasme og uavhengigheit og dessutan evne til å arbeide i tverrfaglege grupper og miljø.

Vi kan tilby

  • Eit godt og vitskapleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 58–65 (1181 Senioringeniør), alternativt lønssteg 53–58 (1087  Overingeniør) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA)

  • Gode velferdsordningar

Søknadsfrist: 19. desember 2017

 

Generell informasjon

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar av CBU, professor Inge Jonassen, e-post: Inge.Jonassen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    19. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145217
  • Intern-ID
    2017/14610
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger