Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Bli med å skape fremragende forskning

Universitetslektor i religionsvitenskap - mellombels tilsetting

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Universitetet i Bergen, er det til 30. juni 2018 ledig ei mellombels stilling som universitetslektor i religionsvitskap.

 

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei komparativ tilnærming er innebygd i studiet som omfattar religionshistorie og religionssystematikk. Det blir forska og undervist i ei lang rekke religionar, og faget gir undervisning og rettleiing i religionsvitskap på bachelor-, master-, og doktorgradnivå. Det er 10 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved instituttet.

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha kompetanse i religionsvitskap/religionshistorie tilsvarande norsk mastergrad. Søkjarar må kunne dokumentere brei undervisningserfaring som høver til emnetilbodet i religionsvitskap våren 2018. Ved vurderinga vil det verte lagt vekt på kompetanse innanfor systematisk religionsvitskap og religionsvitskapeleg teori og metode.

 

I stillinga ligg det 75 % undervisning og undervisningsrelatert arbeid, og 25 % faglig oppdatering og administrasjon. Den som vert tilsett må kunne kan ta del i undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor fagets emneportefølje og kunne delta i administrative oppgåver.

 

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk.

 

Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju og prøveforelesing.

 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 47-59 (412.400,- – 508.400,-) for universitetslektor (kode 1109/LR25) i statens regulativ, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Andre opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post jan.heiret@uib.no, tlf. 55589762, eller fungerande fagkoordinator for religionsvitskap, professor Michael Stausberg, per e-post michael.stausberg@uib.no, tlf. 55582329 .

 

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Slik søkjer du på stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ STILLINGEN».

 

Dette må følgje den elektroniske søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

5. Publikasjonsliste (som vedlegg)

6. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

 

 

Søknadsfrist: 17.12.2017

Merk søknaden med: 2017/14079

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    17. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145155
  • Intern-ID
    17/14079
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger