Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Bli med å skape fremragende forskning

Forskar i superklimamodellering

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i superklimamodellering. Stillinga er knytt til eksternt finansierte prosjekt. De første 28 månadene vil stillinga verte finansiert av ERC prosjektet STERCP “Synchronisation to enhance reliability of climate prediction”.

 

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Simulering og predikasjon av klima er fortsatt ei utfordring. Prosjektet undersøker potensialet for superklimamodellering for å forbetre simulering av klima, forbetre klimapredikasjonen og redusere usikkerhet i klimaprojeksjoner. Ein superklimamodell er ein optimal kombinasjon av forskjellige modellar som påverkar kvarandre mens dei køyrer. Vi har vist potensialet i denne tilnærminga for å redusere modellfeil ved optimal kopling av fleire atmosfæriske modeller til ein enkelt havmodell. Nyleg har vi utvikla ein supermodell ved å kople tre forskjellige state-of-the-art jordsystemmodeller (NorESM, ECEARTH, MPIESM). Hovudfokuset i denne stillinga vil vere å bruke denne supermodellen for å studere klimapredikasjonar og klimaendringar.

 

Forskingsarbeidet i denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med teamet som utviklar den norske klimapredikasjonsmodellen på Bjerknesenteret, og spesielt med Dr Francois Counillon.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha ph.d eller tilsvarande grad i matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller anna relevant disiplin, innan søknadsfristen utløpar.

  • Erfaring med klimamodellering, og høg yting databehandling er naudsynt. Erfaring med dataassimilering er sterkt ønsket. Bakgrunn i anvendt matematikk vil vere ein føremon.

  • Gode programmeringsevner i Fortran, Matlab eller Python er påkravd.

  • Tilstrekkelig ferdighet i både skriftlig og munnleg engelsk for publisering av resultat og kommunikasjon med andre forskarar er naudsynt.

  • Spesielle krav til stillinga er vilje og evne til å arbeide på tvers av fagområder i eit tverrfaglig team, samt å jobbe sjølvstendig med eigne oppgåver.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 486 100 - kr. 490 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din faglege bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål.

  • Relevante attestar.

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt på e-post til enkeltpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Noel Keenlyside eller Dr Francois Counillon.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    12. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145088
  • Intern-ID
    2017/11719
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger