Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Bli med å skape fremragende forskning

Forskar i klimapredikasjon

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i klimapredikasjon. Stillinga er knytt til eksternt finansierte prosjekt. De første tre åra vil stillinga verte finansiert av to prosjekt: EU H2020 prosjektet Blue Action: Arctic Impact on Weather and Climate og NordForsk Nordic Centre of Excellence prosjektet ARCPATH.

 

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Både Blue Action og ARCPATH er tverrfaglege prosjekt som skal gi innsikt i framtidige klimatiske og samfunnsmessige endringar i Arktis.

Hovudfokuset for stillinga blir å utvikle ei initialiseringsordning for den nye høgoppløysingsversjonen av den norske jordsystemmodellen basert på Ensemble Kalman Filter (EnKF) med sikte på sesongmessig til tiårig klimapredikasjon. Modellen si horisontale oppløysing er 0,25 grader i havet og 1 grad i atmosfæren. Ved denne oppløysinga blir EnKF umedgjerleg på den noverande tilgjengelege høg ytingsbaserte datahandsaminga. Forskaren vil undersøke potensialet i to nyleg føreslåtte dataassimileringsmetodar: hybrid ensemble metode - ein metode som allereie er implementert med vårt system som blander dynamisk og statisk kovarians; og dobbelt oppløysing EnKF, der den dynamiske kovariansen til ein grovare oppløysingsversjon av modellen brukast til å oppdatere høgoppløysingsmodellen.

Forskingsarbeidet for denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med teamet som utviklar den norske klimapredikasjonsmodellen på Bjerknesenteret, og spesielt med Dr Francois Counillon.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha ph.d eller tilsvarande grad i matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller anna relevant disiplin, innan søknadsfristen utløpar

  • Ein sterk bakgrunn innan anvendt matematikk er naudsynt

  • Erfaring med dataassimilering, numerisk modellering og høg yting databehandling er naudsynt. Erfaring innan geofysisk dataassimilering, spesielt med ensemble-metodar og med klimamodellering er sterkt ønskeleg.

  • Gode programmeringsevner i Fortran, Matlab eller Python er påkravd.

  • Tilstrekkelig ferdighet i både skriftlig og munnleg engelsk for publisering av resultat og kommunikasjon med andre forskarar er naudsynt.

  • Spesielle krav til stillinga er vilje og evne til å arbeide på tvers av fagområder i eit tverrfaglig team, samt å jobbe sjølvstendig med eigne oppgåver.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 486 100 - kr. 490 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din faglege bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål.

  • Relevante attestar.

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt på e-post til enkeltpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Noel Keenlyside eller Dr Francois Counillon.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    12. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    145086
  • Intern-ID
    17/13590
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger