Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktorstilling ved Computational Biology Unit

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor ved Computational Biology Unit, Institutt for Informatikk, og i samarbeid med Institutt for biologi, for 3 år. Arbeidet vil bli utført i Valen gruppa (http://valenlab.com/) som også er ein del av Sars Senteret (http://www.sars.no/index.php), ein EMBL node. Startdato er fleksibel.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, vil arbeide med genar knytte til metabolisme og lyssensitive system ved å analysere dei underliggjande regulatoriske nettverka med særleg fokus på metodar som byggjer på evolusjonær konservering og sekvenseringsbasert ekspresjonsanalysar. Den som blir tilsett, vil arbeide med kollegaer ved fleire institusjonar for å få best mogleg komplementære analysar. Vi forventar at kandidaten er kjent med genomikk, transkriptomikk og genregulering generelt.

Stillinga vil utforske desse aspekta i to relaterte system hos laks. Den første delen er knytt til det nasjonale prosjektet “Towards the Digital Salmon: From a reactive to a pre-emptive research strategy in aquculture (DigiSal)”, som er ein del av Digital Liv satsinga. DigiSal har som mål å modellere laksemetabolisme og vekst som ein funksjon av endra diett. Den andre delen er knytt til prosjektet “The effect of narrow banded LED light on development and growth performance (PhotoBiol)”, leia av professor Jon Vidar Helvik og er del av Aquaculture programmet under Forskingsrådet. PhotoBiol har som mål å karakterisere dei ikkje-visuelle system i Atlantisk laks og analysere effekten av lys på tidleg utvikling og vekst.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, computational biologi eller beslekta felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Teknikkar som er naudsynte å beherske, inkluderer maskinlæring, sekvensanalyse, mønster gjenkjenningsalgoritmar, modellering av genekspresjon og evolusjonsbiologi. Høgt kvalifiserte søkjarar med erfaring frå beslekta metodar kan vurderast.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og med høgt nivå av interaksjon i ei større gruppe. Kandidaten må vere motivert, ansvarleg, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Om den som vert tilsett, manglar undervisningserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader, der dei tre ekstra månadene vert finansierte av instituttet. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet blir i så høve lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Moglegheit for besøk på internasjonale anerkjente universitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, alternativt ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 14. desember 2017

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Eivind Valen, e-post: Eivind.Valen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    14. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144979
  • Intern-ID
    2017/14322
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger