Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bli med å skape fremragende forskning

Administrativ koordinator (seniorrådgjevar)

ELIXIR Norway

ELIXIR er ein europeisk forskingsinfrastruktur for bioinformatikk (www.elixir-europe.org) som har 21 medlemsland. I tillegg er EMBL medlem. Den norske noden – ELIXIR Norway – vert leia av Universitetet i Bergen og er finansiert av Forskingsrådet og dessutan dei fem institusjonane knytte til noden (Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Universitetet i Tromsø og Norges miljø- og bioteknologiske universitet (NMBU)). ELIXIR leverer tenester innan bioinformatikk til brukarar over heile verda. Den norske noden står for ein del av desse tenestene og tilbyr i tillegg eit breiare spektar av tenester til norske brukarar (sjå www.elixir-norway.org/ og www.bioinfo.no/).

 

Administrativ koordinator (seniorrådgjevar)

Vi lyser ut ei nyoppretta koordinatorstilling ved Universitetet i Bergen. Stillinga er ei fast stilling i eksternt finansiert verksemd og er lagt til Institutt for informatikk og vil ha arbeidssted ved Computational Biology Unit (CBU) – eit senter som Institutt for informatikk er vert for. Den som vert tilsett, vil rapportere til leiar av CBU og leiar av ELIXIR Norway (i dag samme person). Ein må rekne med noko reiseverksemd i stillinga.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Bistå leiar av ELIXIR Norway med planlegging og gjennomføring av aktivitetar i den norske noden

  • Bidra til å initiere og legge til rette for utvikling av samarbeid innan infrastrukturutvikling mellom partnarinstitusjonane

  • Koordinere kommunikasjon og samordning med ELIXIR sitt nav (”hub”) i Storbritannia og med andre europeiske nodar

  • Etablere og drifte kanalar og fora for å sikre god interaksjon med og mellom relevante fagmiljø ved partnarinstitusjonane og ELIXIR Norway og ELIXIR internasjonalt

  • Sekretær for styret og leiargruppa for ELIXIR Norway

  • Koordinere samarbeid med andre lokale, nasjonale og internasjonale infrastrukturar

  • Bistå i utarbeidelse av søknader, rapportering

  • Koordinere arbeidsgrupper og utvalg oppretta av leiargruppe eller styre

  • Planlegging og gjennomføring av faglege møte og workshops

  • Bidra til utadretta verksemd, herunder noden sine websider

 Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på doktorgradsnivå innan eit relevant område som bioinformatikk eller molekylærbiologi. Søkjarar med utdanning på mastergradsnivå kombinert med lang, relevant praksis og bred innsikt i relevant forsking og forskingsinfrastruktur kan i spesielle tilfelle bli vurderte.

  • Omfattande kunnskap om bioinformatikk, enten som brukar av databasar, verktøy med mer, eller som utviklar av bioinformatiske verktøy, databasar eller liknande

  • Erfaring med arbeid i prosjekt på tvers av fleire institusjonar og gjerne fleire land

  • Erfaring med tverrfagleg forsking er ønskeleg

  • Forskingsadministrativ erfaring, gjerne fra større forskingsprosjekt, er ønskeleg

  • God kjennskap til universitets- og høgskolesektoren, instituttsektoren, Forskingsrådet, EU og deres verkemidlar, til andre relevante forskingspolitiske aktørar og til samarbeid mellom akademia, næringsliv og forvalting, er ønskeleg

  • Den som vert tilsett, må ha gode engelskspråklege ferdigheiter

 

Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga. Den som vert tilsett, må

 

  • ha evne til gjennomføring, samarbeid, kommunikasjon og relasjonsbygging

  • kunne jobbe både sjølvstende og i team

  • kunne drive og gjennomføre prosessar og ha evne til å arbeide på tvers av tradisjonelle faggrenser, skape tillit og byggje nettverk

  • ha evne til å skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere ulike faggrupper i Norge til å jobbe mot felles mål

  • ha god organisasjons- og sektorforståing og evne til å tenke heilhetleg og strategisk

  • kunne kommunisere godt både muntleg og skriftleg på engelsk, også i digitale kanalar, og vere utadvendt og aktiv og ein god representant for noden

  • ha evne til strukturert administrativt arbeid

 

Vi tilbyr:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for personleg utvikling

  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med god fagleg tyngde

  • Stilling som administrativ koordinator (seniorrådgivar kode 1364) i lønssteg 60–66. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Søknadsfrist: 19. desember 2017

 

Generelle opplysninger

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar av ELIXIR Norway, professor Inge Jonassen, tlf. +47 55 58 47 13 eller 905 24 316, e-post inge.jonassen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    19. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144948
  • Intern-ID
    2017/14275
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger