Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Førsteamanauensis ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i informasjonsvitskap innan feltet menneske-maskin interaksjon (human-computer interaction, HCI).

 

Institutt for informasjons- og medievitskap har om lag 80 tilsette på heil- og deltid, av disse er 30 faste vitskaplege tilsette og omlag 23 doktorander og postdoktorar. Instituttet tilbyr mellom anna bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, medie- og interaksjonsdesign og i medievitskap. Instituttet opna i 2017 ei avdeling i medieklynga Media City Bergen. Her er det nye fasilitetar for undervisning og forsking innan medieproduksjon og teknologi.


Den informasjonsvitskaplege forskinga ved instituttet er knytt til tre forskingsgrupper: Interaksjonsforsking, Semantiske og sosiale informasjonssystem,  Logikk, informasjon og interaksjon. Gruppa for interaksjonsforsking spesialiserer seg innan HCI med fokus på bruk innan læring (Technology Enhanced Learning), helse og medieteknologi. Gruppa samarbeider med SLATE – Centre for the Science of Learning and Technology (www.slate.no), og har prosjektsamarbeid mellom anna med medieteknologiselskapet Vizrt.

Meir informasjon om instituttet sine forskingsaktivitetar og utdanningstilbod på www.uib.no/infomedia



Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som blir tilsett skal inngå i forskingsgruppa for interaksjonsforsking og drive forsking innan HCI. Viktige oppgåver vil være å delta i utviklinga av forskinga til interaksjonsforskingsgruppa gjennom blant anna å søke om eksternt finaniserte prosjekter. Den tilsette vil ha ansvar for å undervise i interaksjonsdesign, HCI og front-end programmering på master- og bachelornivå, men bør og kunne bidra med undervisning på andre informasjonsvitskaplege emne.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan informasjonsvitskap eller informatikk.

  • Synt evne til å publisere forskingsresultat innan HCI på høgt internasjonalt nivå.

  • Planar for vidare forsking og undervisning vil bli vektlagt.

  • Erfaring med designforsking, front-end programmering, prototyping og evaluering av interaktive teknologiar vil være ei føremon

  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.

  • Erfaring frå leiing av forskingsprosjekt vil vere ei føremon

  • Den personen som vert tilsett må kunne medverke til undervisning både på høgare og lågare grads nivå.

  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidseigenskaper, planer for forsking og ambisjonar for egen undervisning vert tillagt vekt.

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 65-70 (kode 1011/lr.24). For tida utgjer det NOK 568 600 – 623 500.
  • For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Følgebrev med motivasjon for stillinga og planar for vidare forsking og undervisning
  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Inntil 10 vitskaplege arbeider med vekt på dei som er produsert siste 5 år

                  

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 31. januar 2018

 

Søknaden skal merkast: 17/13918


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16, e-post: leif.larsen@uib.no.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, tlf. 55 58 90 53, e-post: bodil.hagland@uib.no.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144785
  • Intern-ID
    17/13918
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger