Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Førsteamanuensis i botanikk

Universitetsmuseet utfører forsking, samlingsforvalting og formidling innanfor natur- og kulturhistorie. Arboretet og dei botaniske hagane er organisert som ein seksjon under Naturhistorisk avdeling. Seksjonen har ein stab på ca. 20 teknisk og administrative stillingar. Arboretet og dei botaniske hagane inneheld tre ulike hageanlegg. Muséhagen som ligg i Bergen sentrum og Arboretet og Botanisk hage på Milde ca. 23 km lengre sør.

 

Vi søkjer ein aktiv forskar til ei fast fulltidsstilling som førsteamanuensis i botanikk ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie. Stillinga har det vitskaplege ansvaret for Det norske arboretet på Milde.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein aktiv forskar innan feltet karplantesystematikk og evolusjon, fylogeni, evolusjonære relasjonar, taksonomi, plantebiodiversitet og underliggjande evolusjonære prosessar, eller relaterte felt. Forskinga må vere relevant for samlingane ved arboretet.

 

Søkjarane må kunna dokumentere forskingsaktivitet og produksjon på eit internasjonalt nivå i eit eller fleire av desse felta. Den som vert tilsett må også kunna dokumentere evne til å innhente ekstern finansiering. Det er også forventa at den som blir tilsett vil ta del i undervisninga av botanikk ved UiB og bidra til den nordiske forskarskulen i biosystematikk, ForBio. Den som vert tilsett vil også ta del i utviklinga at nye naturhistoriske utstillingar.

Nærare omtale av stillinga finn du nedanfor.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan botanikk eller tilsvarande kompetanse og dokumentert erfaring frå forsking utover doktorgradsnivå

  • Botaniske samlingar av levande plantar er eit fokuspunkt, og dokumenterte forskingsinteresser som er relevante for dei levande samlingane ved arboretet vil verte vektlagte i vurderinga av søkjarane.

  • Søkjaren bør ha omfattande forskings- og samlingsnettverk. Erfaring i utvikling av vitskaplege nettverk og prosjekt vert vurdert som viktig.

  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. Kandidaten må kunne samarbeide og arbeide som eit team med dei andre tilsette på Milde og ved Universitetsmuseet. Gode samarbeidsevner og teamarbeidsevner vil verte vektlagt i vurderinga.

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 - 62 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 517.700 – 537.700 brutto per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort oversikt som viser forskingsinteressa di, prioriteringar og framtidige planar

  • Søkjarar vert oppmoda til å senda inn eit forslag til ein forskingsplan der ein brukar samlingane ved Arboretet

  • CV

  • Vitnemål

  • Attestar

  • Fullstendig publikasjonsliste. Vitskaplege publikasjonar som er publisert det siste fem åra vil verta særskild vektlagt

  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, maksimalt 10, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til: Avdelingsleiar ved Avdeling for naturhistorie, Aino Hosia; telefon +47 55 58 29 63, mobil +47 924 67 311, eller epost aino.hosia@uib.no, eller seksjonsleiar ved Arboretet og dei botaniske hagane, Inger Elisabeth Måren, telefon + 47 55584903, mobil + 47 41285126, eller epost inger.maaren@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 17.12.2017

 

-----------------------------------------

 

STILLINGSOMTALE

 

Vi søkjer etter kandidatar for ei fast fulltidsstilling som førsteamanuensis i botanikk ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen (www.uib.no/universitetsmuseet), med fokus på karplantar og med ein internasjonal forskingsprofil. Vi ser etter ein aktiv og produktiv forskar, helst innanfor feltet systematisk botanikk, med betydeleg plantekunnskap.

Til stillinga som førsteamanuensis i botanikk ligg ansvaret for planlegging, fornying og vidare utvikling av utstillingar og samlingar av karplantar ved arboretet. Stillinga vil spele ei viktig rolle i utviklinga av samlingsbasert forksking ved arboretet. Streng vitskapleg dokumentasjon av samlingane er lagt vekt på, saman med formidlinga av denne kunnskapen til profesjonelle, studentar og publikum. Den som ver tilsett kan og verte gitt oppdrag i Botanisk hage og Musehagen. Samarbeid med forskarar ved Avdeling for naturhistorie og Institutt for Biologi vil vere viktig. Den som blir tilsett bør ha internasjonale forskingssamarbeid og velutvikla internasjonalt vitskapleg nettverk. Det er også forventa at han/ho deltek i det pågåande arbeidet med å utvikla nye utstillingar ved museet i tillegg til undervisning i botanikk ved UiB. Vi forventar også at den som blir tilsett bidreg i utvikliga av den nordiske forskarskulen i biosystematikk, ForBio (http://www.forbio.uio.no/), der museet for tida er involvert. Ved muset er det botaniske samlingar og vitskaplege laboratorium, inkludert et molekylært laboratorium, som vil væra tilgjengeleg for den tilsette personen.

 

Museet sin forskingsstrategi for 2014-2020 har to hovudfokuspunkt innan biologi: evolusjonshistorie og taksonomi og paleobiologi for å oppnå ei forståing av biologisk diversitet, evolusjonære forhold hos organismar, tilpassingar, biogeografisk utbreiingsmønster og prosessar som genererer biodiversitet. Det er for tida fire forskargrupper ved Avdeling for naturhistorie; Rosefamiliens evolusjon, Fylogenetisk systematikk og evolusjon, Biosystematikk og Fortidas landskap og miljø. Innan plantesystematikk har Rosefamiliens evolusjon for tida fokus på systematikk, fylogeni og taksonomi hjå Rosaceae; http://www.uib.no/en/rg/rose. Vi forventar at den som vert tilsett samarbeider aktivt med eksisterande forskargrupper ved Avdeling for naturhistorie.

 

Det norske arboret, ved Fanafjorden, strekkjer seg over 60 hektar med naturleg furuskog, myrer og bitar av lauvskog, i nærleiken av Botanisk hage og er ein del av eit populært rekreasjonsområde på om lag 2 km². Arboretet vert driven av ein stiftelse i samarbeid med Universitetet i Bergen, og omfattar om lag 3000 artar vedplantar, mange av dei er samla frå naturen i tempererte delar av verda. Viktige samlingar inneheld Rhododendronplantar og andre lyngvekstar, Rosaceae med Sorbus og Rosa, i tillegg til Acer, Ilex og andre. I tillegg til dei botaniske samlingane fins det vél utstyrte drivhus som kan brukast til å setje opp forsøk.

 

Erfaring frå arbeid i ein botanisk hage eller eit arboret, og/eller med botaniske samlingar og utstillingar er ei klar føremon. Søkjaren må ha vél utvikla sosiale evner og kunna kommunisera og samarbeida med kollegaer i eit samarbeidsorientert arbeidsmiljø. Søkjarar må også vere budde på å aktivt ta del i og også leie nokre av formidlingsaktivitetane i Arboretet og dei botaniske hagane.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    17. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Arboretet og de Botaniske hager - Muséhagen
  • Jobbnorge-ID
    144755
  • Intern-ID
    17/13225
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger