Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Førsteamanuensis i fiskesystematikk

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for Naturhistorie, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i fiskesystematikk.

 

Universitetsmuseet utfører forsking, samlingsforvalting og formidling innanfor natur- og kulturhistorie. Avdeling for Naturhistorie har vitskapleg ansvar for fagområda botanikk, zoologi og geologi ved museet. For tida er det 13 vitskaplege og 30 teknisk- administrative tilsette ved eininga. I tillegg kjem mellombels tilsette.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein produktiv og innovativ akademikar som forskar i fiskesystematikk og vil ha ansvar for den vitskaplege fiskesamlinga. Den som vert tilsett vil ha utmerkt seg med forskingsarbeid på fiskesystematikk og taksonomi og arbeider med fylogenetisk slektskap, taksonomi, artsmangfald, biogeografi og evolusjonære prosessar bak tidlegare og notidig artsmangfald.

 

Vi vil vektlegge kompetanse i bruk av både molekylære og morfologiske metodar i systematikk og taksonomi. Forskinga skal ha eit globalt perspektiv på fiskegrupper som òg er vanlege i nordiske / atlantiske havområde og må ikkje være avgrensa av særinteresse for kommersielle fiskeartar.  

 

Til stillinga medfylgjer konservatoransvar for fiskesamlingane. Vertebratsamingane inneheld for tida 37400 einingar (omlag 200000 prøver). Av desse er om lag 60 % fisk.

 

Vi håpar å kunne tilsette ein iktyolog med allment brei interesse for vertebratar og ekte interesse for samlingsutvikling. Den valde kandidaten vil òg ta del i produksjon av utstillingar og anna utoverretta verksemd ved museet. Den tilsette vil venteleg òg undervise i sitt spesialfelt og skal bidra til vidare vellukka utvikling av forskarskulen i biosystematikk (ForBio).

 

Den tilsette vil vere ein aktiv medarbeidar i forskargruppa for systematikk og er venta å søkje eksterne midlar til forsking og samlingsdrift. Det er for tida stor interesse for mindre kjente artar i Noreg og Arktis, og avdelinga arbeider fortsatt med å levere data til Artsdatabanken, BOLD og GBiF.

 

Du finn meir om den ledige stillinga nedanfor.  

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan vertebratsystematikk eller tilsvarande kompetanse

  • Søkjarar må ha erfaring frå forsking utover PhD-nivå. Prosjekt og publikasjonar frå dei fem seinaste åra vil verte særleg vektlagt.

  • Eit vidt nettverk i forsking og samlingsarbeid vert lagt vekt på

  • Må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 - 62 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 517.700 – 537.700 per år brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde:

  • Eit kort søknadsbrev med forskingsinteresser og faglege prioriteringar

  • CV

  • Vitnemål

  • Attestar

  • Fullstendig publikasjonsliste

  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, maks. 10, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Avdelingsleiar Aino Hosia, tlf. (+47) 55 58 29 63 / e-mail Aino.Hosia@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 17.12.2017

 

-------------------------------------------------------

 

STILLINGSOMTALE 

 

Universitetet i Bergen vart grunnlagd frå Bergens Museum, som historisk var særleg kjend for forsking på liv i havet. Spesiell fokus på marin forsking avspeglar seg i universitetet sin strategi for åra 2016-2022 i slagorda «Hav, Liv, Samfunn». Det dokumenterer våre verdiar, vår ståstad og vår rolle, og korleis våre prioriteringar skal utvikle Universitetet i Bergen i samsvar med dette. Fleire institutt og forskingssentra tilbyr miljø for ei rekke disiplinar og moglegheit for samarbeid. Forskarar ved museet samarbeider for tida særleg med Institutt for biologi, Senter for geobiologi, og Senter for djuphavsforsking. Universitetet i Bergen vart rangert på andre plass i fiskerifag og niande i marin- og ferskvatnsbiologi i World University Rankings 2016. 

 

I Bergen finn ein òg fleire andre forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, som museet har samarbeidd med dei seinare åra i prosjekt som MAR-ECO (http://www.mar-eco.no/), MAREANO (http://www.mareano.no/en) og EAF-Nansen-programmet (http://www.fao.org/in-action/eaf-nansen/en). Museet er partnar i det nasjonale DNA-strekkoding-prosjektet, NORBOL (http://www.norbol.org/en/) og i den internordiske forskarskulen i biosystematikk, ForBio (http://www.forbio.uio.no/). 

 

Museet har no om lag 10 personar som arbeider med marin zoologi. Sjølv om det meste av forskinga har fokus på evertebrater, vil den som vert tilsett i stillinga venteleg finne fellesskap i vitskaplege tilnærmingar og ressursar. Museet sine forskarar har tilgang til eit vel utstyrt DNA-laboratorium, til mikroskopi, SEM/TEM, skipstid for feltarbeid og eit rikt materiale av forskingssamlingar. Fiskesamlingane er særleg rike på materiale frå Arktis (Barentshavet, Svalbard, Grønland) og frå djuphav rundt Midt-Atlanterhavet.  

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    17. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Avdeling for naturhistorie
  • Jobbnorge-ID
    144750
  • Intern-ID
    17/13167
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger