Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Klok og formidlingslysten?

Forskar i romfysikk (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet I Bergen er det ledig ei mellombels stilling som forskar i romfysikk innan energetisk partikkelnedbør i atmosfæren. Hovudfokuset til stillinga er å setja saman målingar elektronnedbør med låg energi (< 30 keV) og høg energi (>30 keV) til eit fullstendig energi spektrum som kan brukast i atmosfæremodellen Whole Atmosphere Community Climate Model (WACCM).

 

Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til prosjektet «Full Range Energetic Particle Precipitation Impacting the Middle Atmosphere» (FREPPIMA) ved Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

BCSS er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:

1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?


Forskaren vil vera ein del av forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 3. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæren forårsaka av energirik partikkelnedbør. Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidera med gassane i atmosfæren. Kor djupt dei trenger ned i atmosfæren avheng av energien deira. Dei fleste partiklane vert stoppa over 100 km. Andre gongar, ved utbrot på sola eller når solvinden har stor fart, kan dei nå så djupt som 50 km over bakken. Kollisjonane innleiar ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av NOx og HOx gassar. Desse gassane kan i sin tur bryta ned ozon som er viktig for energibudsjettet i atmosfæren. Dersom ein endrar mengda ozon ved om lag 50 km, kan ein forandra temperatur og vindar i dette området.


Me nyttar målingar basert på TED og MEPED detektorane om bord NOAA/POES og EUMESAT/MetOP satellittane for å studera nedbøren av elektron i atmosfæren med energi 1-750 keV. Ved å nytta to nyleg utvikla teknikkar som bind saman elektronfluksmålingar med låg og høg energi og estimerer vinkelfordelinga til elektrona, skal forskaren utvikla eit fullstendig energispektrum for elektronnedbøren som påverkar atmosfæren frå 50-120 km. Resultatet skal brukast i atmosfæremodellen WACCM.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d–grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Du må ha gode ferdigheiter innan programmering. Erfaring med MATLAB er eit føremon.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande.

Særskilte krav for stillinga:

  • Du må dokumentera kunnskap om og ha erfaring med å arbeida med fysikken bak partikkelnedbør i atmosfæren

  • Du må dokumentera kunnskap om og ha erfaring med å arbeida med effektar av partikkelnedbør i atmosfæren

  • Kunnskap om og erfaring med dataanalyse av partikkelmålingar frå NOAA/POES og EUMETSAT/MetOp satellittane er eit føremon

  • Kunnskap om og erfaring med atmosfæremodellar er eit føremon

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 i statens regulativ (kode 1109/LR 24.1) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 486 100 - kr. 490 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteressene og erfaringane dine, samt motivasjon for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. Ein av desse bør vera hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • vitnemål og karakterutskrifter (eventuelt ei stadfesting av at doktoravhandlinga er levert)

  • relevante attestar

  • publikasjonsliste

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Hilde Nesse Tyssøy ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144489
  • Intern-ID
    17/13077
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger