Kriminalomsorgen region vest er et etatsnivå under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføringa i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Region vest har ca 500 tilsette og har administrasjon i Bergen. Regionen administrerer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll i Bergen. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Vår visjon er: Aktiv kriminalomsorg - tryggare samfunn

Våre verdier er: Åpenhet, respekt, profesjonalitet og engasjement

SIKKERHEITSINSPEKTØR

Ved regionadministrasjonen er det ledig vikariat som sikkerheitsinspektør fram til august 2018, med moglegheit for forlenging eller omgjering til fast stilling som sikkerheitsinspektør i 100 % stilling.

Du er en person som skapar tillit og legitimitet i verksemda og skapar tryggleik for tilsatte og domfelte.

Vi kan tilby deg ein utfordrande og spanande jobb i en organisasjon som har utvikling og nytenking som strategi for å nå måla.

Du skal bidra til at straffegjennomføringa skjer i samsvar med etaten sine målsettingar, verdigrunnlag og prinsipp. Du skal styrke leiinga sin kompetanse innan sikkerheitsarbeid, risikohandtering og kriseleiing og koordinere regiondirektøren sin krisestab. Du vil få vere med å tilrettelegge, gjennomføre, utvikle og kvalitetssikre sikkerheitsarbeidet i friomsorga, fengsel og i forvaltningssamarbeidet i region vest. 

Stillinga inneber noko reising.

Arbeidsoppgåvene dine er:

  • fagleg ansvar for regionens sikkerheitsarbeid
  • oppdage og handtere nye og potensielle sikkerheitsutfordringar
  • risiko- og sårbarheitsanalyser/risikovurderingar/risikostyring
  • utvikle og sikre etterleving av planar, rutinar og prosedyrar, og bruk av etaten sitt internkontrollsystem
  • løpande dialog med direktoratet/ departementet, andre regionar, eigne einingar, politi og eksterne samarbeidspartnarer
  • informasjonsinnhenting og -utveksling i samarbeidet mellom politi og eiga verksemd på ulike nivå
  • rapportering, og utarbeiding av statistikk, vurderingar og rapportar
  • leiingsdialog/leiarstøtte, opplæringsarbeid og rettleiing til einingar
  • generelle sikkerheits- og rusrelaterte oppgåver
  • kriseleiing – koordinere regiondirektøren sin stab ved kriser
  • fagleg ansvar og koordinering av hundetenesta i regionen

 

Kvalifikasjonane dine:

  • relevant utdanning på høgskolenivå eller fengselsskolen
  • fordel med leiarerfaring, evt. erfaring frå leiarstøtte/leiartrening
  • fordel med erfaring frå relevant operativ sikkerheitsarbeid som kan anvendast i fengsel og friomsorga
  • fordel med erfaring med systematisk utvikling av system, rutinar og metodar som sikrar etterfølging og god HMS-kultur


Dine personlege eigenskapar og ferdigheiter:

  • god rolle- og systemforståing, og evne til å tenke heilheitleg
  • evne til å skape tillit og legitimitet
  • evne til å arbeide analytisk og effektivt under press
  • beslutningsevne
  • gjennomføringsevne
  • resultatorientering
  • risikoerkjenning
  • evne til kreativ tenking og innovative løysningar/metodar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • evne å arbeide sjølvstendig og i team


 
Anna:

Stillinga er plassert i lønnskode 0266 Inspektør. Stillinga vert for tida i ltr. 66, dvs. kr. 590000 pr år. Det vert trekt 2 % av lønna til Statens pensjonskasse. Stillinga har uniformsplikt.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamanseting, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn, og spesielt kvinner vert oppfordra til å søke stillinga.

Det må ikkje være noko å utsette på vandelen til søkarane og det vil bli kravd uttømmande politiattest utan merknadar av han eller ho som vert tilsett. Dei som vert innkalla til intervju, må ta med vitnemål og attestar i originalversjon.

Kriminalomsorgen er i en pågåande prosess med framtidige strukturendringar. Den som vert tilsett pliktar å rette seg etter eventuelle avgjerder som følge av denne prosessen, både når det gjeld organisatoriske og arbeids- og/eller ansvarsmessige endringar knytt til stillinga.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

assisterande regiondirektør Leif Waage tlf. 930 09 917.

Det skal fortrinnsvis søkast via jobbnorge.no via link på denne sida.

Tiltreding snarast etter avtale.

Søknadsfrist: 30.november

Kriminalomsorgen region vest
Dokumentsenteret
Postboks 694
4005 Sandnes

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144482
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger