Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Analytisk og framtidsrettet? Finn din stilling på uib.no

Stipendiat i sedimentologi og bassenganalyse

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat i sedimentologi og bassenganalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er finansiert av Universitetet i Bergen som ein del av professor Robert Gawthorpe sitt VISTA-professorat.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga i PhD-prosjektet er knytt til riftbasseng-sedimentologi og -stratigrafi med fokus på Korint-rifta, Hellas, og vil inkludere analyse av kjernemateriale frå Korint-golfen innsamla i samband med IODP Ekspedisjon 381 samt feltarbeid i den delen av riftsystemet som er blottlagd på land.

 

Målet for prosjektet er å forstå korleis bassenginnfyllinga i Korint-rifta responderer på forskjellige kontrollar i rifta sitt kjeldeområde, på kontrollar i bassenget, og faktorar generert av sedimenta sjølv. Dette vert oppnådd gjennom grundig feltarbeid på avsetningssystem på bassengmarginane og assosierte strukturar, og gjennom sedimentologiske analysar og paleomiljø-analysar av IODP-kjernane som er samla inn.

 

Aktivitetar i studiet inkluderer

  • kartlegging av bassengmarginlagrekkjer og assosierte strukturar langs den

    sørlege grenseforkastinga til Korint-golfen

  • sedimentologisk og stratigrafisk analyse av kjernar og blotningar

  • paleomiiljø-analyse av kjernar og blotningar

  • integrering av strukturelle, sedimentologiske data og paleomiljødata for å rekonstruere hovudkontrollane på riftmargin- og riftakse-sedimentasjon 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geofag som er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i prosessedimentologi er avgjerande, spesielt er erfaring frå deltaiske og turbiditt avsetjingssystem ein føremon.
  • Omfattande felterfaring er avgjerande, spesielt i syn-tektonisk aktive system der strukturell kartlegging inngår.
  • Erfaring i bassenganalyse og intergrering av sedimentære og strukturelle data er avgjerande, dette gjeld spesielt i bruk på riftbasseng.
  • Erfaring i arbeid med kjernematerial, og spesielt erfaring i tett prøvetaking med bruk av multiple analytiske metodar, er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne dokumentere evne til å presentere og skrive forskingsrapporter på høgt fagleg nivå (på engelsk).
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Erfaring som undervisningsassistent i laboratorieundervisning på bachelornivå vil vere ein føremon. 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Rob Gawthorpe, Institutt for geovitskap, Universitet i Bergen, epost: rob.gawthorpe@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    8. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144374
  • Intern-ID
    17/13024
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger