Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Analytisk og framtidsrettet? Finn din stilling på uib.no

Postdoktor i numerisk modellering av overflateprosessar i rift-basseng

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i 3D-numerisk modellering av overflateprosessar i rift-basseng. Stillinga er for ein periode på fire år og er finansiert av Universitetet i Bergen som ein del av professor Rob Gawthorpe sitt VISTA-professorat.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga vil fokusere på kontrollar for sedimenttransportsystem i riftbasseng, som til dømes Korint-rifta i Hellas. Forskinga er ein del av eit større prosjekt som har som mål å betre forståinga for rift-bassengdanning og kontrollar på rift-basseng stratigrafi med deltakarar både frå basseng- og reservoar- og geodynamikkgruppene ved instituttet. Postdoktoren vil arbeide med følgjande: i) påverknad av pre eksisterande topografi og drenering på syn-rift-stratigrafien og normal-forkastingar, og ii) evaluering av samspelet mellom kjelde-relatert sedimenttilførsel-signal og basseng-relatert basisnivåendringar på syn-rift stratigrafien.

 

Det forventast at den som vert tilsett vil ha ei leiande rolle når det gjeld å utvikle forsking på disse områda og at kandidaten vil publisere resultat i leiande fagfellevurderte publikasjonar. Det forventast også at han/ho vil ta del i andre aktivitetar/oppgåver, til dømes undervising på bachelor- og masternivå, rettleiing av master- og ph.d.-studentar (< 25 % av tida) osv., noko som vil gje ferdigheiter som er naudsynte for ein akademisk karriere.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innan kvantitativ sedimentologi/geodynamikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle frå og forskingsinteresse i kvantitative overflateprosessar og/eller tektonisk modellering er viktig.

  • Røynsle med stor-skala tektonisk modellering og bruk av «finit element» metodar er ein føremon.

  • Røynsle med kvantitativ analyse av sediment transport og avsetjing, og bruk av dette til å forstå kontrollar på basseng stratigrafi er ein føremon.

  • Røynsle i studiar av normalforkastingar/rift- bassengdanning og effekt på erosjon og/eller avsetningssystem er ein føremon.

  • Dokumenterte evnar til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå (på engelsk) og dokumentasjon av forskingspotensial.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er fire år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Rob Gawthorpe, Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, epost: rob.gawthorpe@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    8. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144373
  • Intern-ID
    17/13022
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger