Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Analytisk og framtidsrettet? Finn din stilling på uib.no

Nettverkskoordinator (rådgjevar) ved Center for Integrated Earth System Education (iEarth)

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei fast stilling som nettverkskoordinator (rådgjevar) for det nasjonale konsortiet Centre for integrated Earth System education (iEarth).

 

Stillinga har hovudarbeidsplass ved Institutt for geovitskap, inngår i administrasjonen og vil samarbeide tett med studieseksjon. I det daglege vil den som vert tilsett ha ansvar for å fylgje opp og drive det nasjonale nettverket som utgjer iEarth. Nettverket har som mål å verta eit senter for framifrå utdanning (SFU) og tek sikte på å sende inn søknad om finansiering i 2019. Senteret skal drive forsking og utvikling av utdanning innan geovitskap i tette nasjonale og internasjonale relasjonar. Næraste overordna er fagleg ansvarleg for iEarth, og nettverkskoordinator rapporterer til denne.

 

Kandidaten som vert tilsett må vere førebudd på moglegheit for endra arbeidsoppgåver og endra arbeidsplass, etter at SFU-søknaden er sendt.

 

Arbeidsoppgåver

Nettverkskoordinatoren har den administrative leiarfunksjonen i nettverket, med ansvar for overordna drift, drift av websider, sakshandsaming, koordinering og rapportering til nettverket. I tett samarbeid med fagleg ansvarleg ved Institutt for geovitskap og den nasjonale styringsgruppa, har koordinator arbeidsoppgåver knytt til prosjektutvikling, gjennomføring og formidling, og inngår i nettverket si styringsgruppe. Nettverkskoordinatoren har eit særskilt ansvar for oppfylging og informasjonsflyt innan konsortiet, mellom dei fem partnarane, dei ulike delprosjekta og aktivitetar. Nettverkskoordinator har saman med fagansvarleg ved iEarth ansvar for god partnarkontakt og for å representere nettverket eksternt.

Døme på sentrale arbeidsoppgåver:

  • Administrasjon av nettverket
  • Sikre overordna drift, drift av websider, drift av virutal compenence centre, utvikling og framdrift av nettverket sine aktivitetar i samsvar med prosjektplanen

  • Delta i utvikling og formidling av FoU-prosjekt og aktivitetar i nettverket og hos partnerane

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå innan geofag eller anna relevant fagfelt
  • Relevant praksis og dokumentert erfaring frå prosjektkoordinering og utdanningsutvikling er ein føremon

  • Kjennskap til og erfaring frå offentleg forvaltning og universitets- og høgskulesektoren, sakshandsaming og studieadministrativ arbeid er ein føremon

  • Leiarerfaring og utdanningsfagleg kompetanse er ein føremon

  • Erfaring med formidlingsarbeid, og dokumentert erfaring med å formidle munnleg og skriftleg på båe målformar og engelsk

  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, til dømes:

    • evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og raskt tileigne seg ny kunnskap

    • sjøvstendig, initiativrik og kreativ

    • systematisk, løysingsorientert med god gjennomføringsevne

    • effektiv, fleksibel og serviceinnstilt

    • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 -64 (for tida kr 499 600 – 558 500) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderas

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Jostein Bakke, Institutt for geovitskap, 55 58 35 03 epost: jostein.bakke@uib.no

Instituttleder Ingunn Hindenes Thorseth, Instittutt for geovitskap, 55 58 34 28 epost: ingunn.thorseth@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. desember 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144287
  • Intern-ID
    17/13285
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger