Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Postdoktor i elektromagnetisk geofysikk (Geostyring for økt oljeutvinning)

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan elektromagnetisk geofysikk. Stillinga er for ein periode på 2 år og er knytt til prosjektet «Geosteering for Improved Oil Recovery», som er finansiert av Petromaks2-programmet til forskingsrådet. Det er ynskeleg at kandidaten kan byrje å arbeide så snart som mogeleg.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver 

  • Hovudmålet med dette tverrfaglege prosjektet er å utvikle hurtige integralligningsmetodar for modellering og inversjon av kontrollert-kilde elektromagnetiske data basert på idear som opphavleg blei utvikla innan seismisk geofysikk.
  • Eit ytterlegare mål er å integrere metodar for modellering og inversjon av elektromagnetiske data inn i ein tverrfagleg arbeidsflyt for «Geostyring for økt oljeutvinning».

Kvalifikasjonar og eigenskapar 

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan matematisk orientert geofysikk, anvendt matematikk eller teoretisk/berekningsorientert fysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd innan 31. desember 2017.
  • Ein relevant bakgrunn innan elektromagnetisk geofysikk, kvantitativ (statistisk) integrasjon av ulike typar data og/eller geostyring for økt oljeutvinning, vil vere ein føremon. Mangel på slik røynsle kan til ein viss grad kompenserast av framifrå ferdigheiter innan generell matematisk modellering og inversjon.
  • Sterke programmeringsferdigheiter er eit absolutt krav.
  • Ein stor grad av vitskapeleg og personleg fleksibilitet er påkravd for denne tverrfaglege stillinga.
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar er påkravd.

Vi søkjar ein høgt kvalifisert kandidat med evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Den som får stillinga, vil få moglegheit til å arbeide i prosjektet i samarbeid med professor Morten Jakobsen ved Institutt for geovitskap, forskingsdirektør Erlend Vefring og forskar Sergey Alaev ved IRIS i Bergen.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er to år. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til to år og (til dømes) tre månader, der dei ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervising og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiserings-arbeidet, inkludert framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden

  

Vi kan tilby   

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde   

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • spesielt interessante publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Morten Jakobsen, epost:morten.jakobsen@uib.no, telefon: +47 55 58 34 18 / mobiltelefon: +47 45 96 59 40.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    23. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    144151
  • Intern-ID
    17/12177
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger