KRIMINALOMSORGEN BERGEN FENGSEL

Kriminalomsorgen region vest er et etatsnivå under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføringa i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Region vest har ca 500 tilsette og har administrasjon i Bergen. Regionen administrerer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll i Bergen. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Bergen fengsel blir rekna som eit av dei leiande fengsla i Europa med omsyn til metode og innhald, og er i stadig utvikling. Fengselet forsøker å drive etter prinsippa for det interaktive fengsel med fokus på eit strukturert, nært og aktivt samspel mellom innsette og tilsette. Fengselet er det nest største i landet. Vi har 258 plassar, av dei er 63 åpne soningsplassar. Plassane er fordelte på varetekt, dom og forvaring, kvinner og menn. Fengselet har omfattande samhandling med ulike offentlege etatar, forskningsmiljø og private aktørar i arbeidet med å fylgje opp tilbakeføringsgarantien i kriminalomsorga.

Vår visjon er: Aktiv kriminalomsorg - tryggare samfunn  

Våre verdiar er: Åpenhet, respekt, profesjonalitet og engasjement

Verksbetjent på Ulfsnesøy

Stilling som 0275 verksbetjent, for tida som båtførar ved avdeling Osterøy.


For å bidra til auka livsmeistring og hindr negative effektar av institusjonalisering, er det eit overordna mål at dei innsette skal ha eit sysselsetjingstilbod. Arbeidsdrifta i avdeling Osterøy har 5 tilsette innan gardsdrift, kjøkken og vedlikehald. I tillegg har vi 4 tilsette innan båtdrift.
Vi gjer merksam på at arbeidsstad og oppgåver kan endrast.

Arbeidsoppgåver;

• Dagleg føre skyssbåt mellom Vaksdal- Ulvsnesøy og Bruvik
• Dagleg oppfølging innanfor eige ansvarsområde. Vedlikehald av båt, mm.
• Delta i drift og vedlikehald av fengselet
• Vere aktiv medspelar i den faglige utviklinga av Bergen fengsel, avdeling Osterøy.

Krav til stillinga:
• Fritidsskippersertifikat D5L
• VHF- ROC sertifikat
• Kurs i passasjer- og krisehandtering
• Godkjent helseerklæring, sjø.
• Førarkort klasse b.
• Det er ein fordel med kunnskap og erfaring frå båtmekanikk.
• Det er ein fordel med erfaring frå maritim verksemd og miljøarbeid.

Personlege eigenskapar:
• Arbeide sjølvstendig
• Ansvarleg og fleksibel
• Lojal mot fengselets leiing og kriminalomsorgenes strategiplan
• Kunne stimulere og aktivisere innsette på eige initiativ og gjennom målretta miljøarbeid
• Bidra til godt arbeidsmiljø


Lønn:
Stillinga er plassert i lønskode 0275, verksbetjent. Lønsramme 39, ltr. 37-49 (som vil seie ei grunnløn i intervallet 361 700 - 430 100,-).
Frå løna vert det trekt 2 % medlemsinnskot til Statens Pensjonskasse.

Anna:
Det vert kravd utvida politiattest utan merknader ved tilsetting.

Det er 6 mnd. prøvetid.

Den statlege arbeidstyrken skal i størst mogeleg grad reflektere mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha eit personale med ei jamn fordeling av kjønn og alder, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med
innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Har du spørsmål om stillinga, ring verksmester Hanne Frosta på tlf. 56 19 20 45 / 95454255.
Send søknaden elektronisk via www.jobbnorge.no

Søknadsfrist: 19.11.17

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    19. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen, Osterøy, Vaksdal
  • Jobbnorge-ID
    144012
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger