Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Skap relevans. Vær utforskende

Førstelektor / universitetslektor i medievitenskap - vikariat

 

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som førstelektor/universitetslektor i medievitskap frå 01.01.18 til 31.12.18.

 

Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i medievitskap og i informasjonsvitskap, tre produksjonsorienterte bachelorprogram innan Journalistikk, medie- og interaksjonsdesign og TV-produksjon, og deltar i tillegg i dei tverrfakultære programma IKT, Kognitiv vitskap, og Retorikk.

 

For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til www.uib.no/infomedia.

 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning og innretta mot områda medienes institusjonar, kommunikasjon og journalistikk med følgjande hovudoppgåver:

  • emneansvar og undervisning på MEVI101: Media: Institusjonar og historie
  • emneansvar og undervisning på MEVI111: An introduction to the Norwegian media system in a global context.
  • undervisning på emner i kommunikasjon på 100- og 200-nivå.
  • rettleiingsoppgåver både på bachelor- og masternivå

 

Det kan også vere aktuelt med undervisning på andre emne. Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Den som vert tilsett må:

  • ha doktorgrad innan medievitskap eller tilsvarande kompetanse.
  • ha relevant forskingsvitskapleg kompetanse utover doktorgrad
  • kunne undervise både på norsk og engelsk
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar med doktorgrad vil det vere aktuelt med tilsetjing som universitetslektor. Kravet for universitetslektor er mastergrad i medievitskap eller tilsvarande kompetanse, samt relevant forskingsvitskapleg kompetanse utover mastergrad.

 

Vi kan tilby

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning      

  • Årsløn for førstelektor er 57- 65 (kode 1198/LR24 i statens regulativ) tilsvarande NOK 489 300 – 567 100. Årsløn for universitetslektor er 47- 59 (kode 1009/LR25 i statens regulativ) tilsvarande NOK 415 200 – 507 100. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderas.

  • Gode trenings- og velferdstilbod

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

     

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil fem vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, inklusiv eventuell doktoravhandling.

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkyndige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og prøving av undervisningskompetanse.

 

Søknaden skal merkast: 17/13180

 

Søknadsfrist er 19. november 2017

 

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16, e-post: leif.larsen@uib.no.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland,

e-post: bodil.hagland@uib.no.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.  Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    19. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    143923
  • Intern-ID
    17/13180
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger