Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bli med å skape fremragende forskning

Postdoktor i romfysikk ved Birkeland Center for Space Science (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i romfysikk med fokus på ionosfæredynamikk som er driven av både solvind-magnetosfærevekselverknad og interne prosessar. Hovudfokuset for stillinga er tolking av bakkebaserte- og satellittmålingar med vekt på testing og forbetring av gjeldande fysisk forståing. Stillinga er for ein periode på 3 år og vil vere ein del av Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

BCSS er organisert i to instrumenteringsgrupper, ei utdanning og formidlingsgruppe, og fire forskingsgrupper som skal svare på fylgjande spørsmål:


1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?
2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?
3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?
4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?

 

Postdoktoren vil tilhøyre forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 2. Eit hovudmål for denne gruppa er å forstå prosessane som styrer ionosfærisk dynamikk. Desse omfattar eksterne effektar, for eksempel knytta til retninga på det interplanetære magnetiske feltet og prosessar i den indre magnetosfæren, og interne effektar som småskalastrukturar i plasmaskyer, konveksjonskanalar, nordlysstrukturar og variasjonar i elektrisk leiingsevne. Birkelandstraumar spelar ei viktig rolle for den elektrodynamiske koplinga mellom magnetosfæren og ionosfæren og er av spesiell interesse. Prosjektet fokuserer på kombinasjonen av analyse og tolking av komplementære bakkebaserte- og satellittobservasjonar av ionosfæredynamikk. Hovuddatasetta som skal brukast inkluderer: AMPERE, SWARM, CHAMP, DMSP, SuperDARN, SuperMAG, EISCAT, GNSS-mottakarar, solvinddata, magnetosfæremålingar og andre bakkebaserte instrument i den polare ionosfæren. For kontekst og til støtte for den fysiske forståelsen forventar ein også å bruke moderne modellar og simuleringar av det nære verdsrommet. Det vil vere spesielt fokus på å auke den fysiske forståelsen av samanhengane mellom ulike ionosfæriske effektar og konsekvensane for magnetosfære-ionosfære kopling.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysik eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha gode programmerings- og analytiske ferdigheiter.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også bli vektlagt ved vurdering av kandidatane.

 

For denne stillinga ser vi spesielt etter ein søkjar som har desse ferdigheitene:

  • Omfattande kunnskapar innan ionofærefysikk
  • Dokumentert kunnskap om teoretiske konsept for magnetosfære-ionosfære kopling i det nære verdsrommet
  • Erfaring frå analyse av ulike bakkebaserte og rombaserte observasjonar av ionosfæren
  • Erfaring frå tolking av ionosfæriske observasjonar innan ionosfæredynamikk og magnetosfære-ionosfære kopling
  • Erfaring frå forsking på ionosfæredynamikk utfrå solvindens vekselverknad med magnetosfæren
  • Erfaring med analyse av store vitskaplege datasett

Den som blir tilsett bør ha erfaring innan dataanalyse og ha god teoretisk forståelse innan fleire av desse områda. Detaljert og dokumentert erfaring med nokre av datasetta ovanfor er sterkt ønska.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader, der dei tre ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet bli i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Ved postdoktorstilling knytta til eksternt finansierte prosjekt, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 486 100,- - kr 490 900,- brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seniorrådgjevar Therese Moretto Jørgensen, Institutt for fysikk og teknologi, e-post: Therese.Jorgensen@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. januar 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    143546
  • Intern-ID
    2017/11965
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger