Kriminalomsorgen region vest er et etatsnivå under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføringa i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Region vest har ca 500 tilsette og har administrasjon i Bergen. Regionen administrerer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll i Bergen. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Vår visjon er: Aktiv kriminalomsorg - tryggare samfunn

Våre verdier er: Åpenhet, respekt, profesjonalitet og engasjement

FØRSTEKONSULENT/RÅDGJEVAR

Friomsorga i Hordaland har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 32 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Vi søker

FØRSTEKONSULENT/RÅDGJEVAR
100% fast stilling

Stillinga har kontor i Odda

Arbeidsområde: 
Saksbehandling og kontrolloppgåver i forbindelse med gjennomføring av samfunnsstraff og heimesoning.
Oppfølging og kontroll av prøvelauslatne frå fengselsstraff og forvaring.
Gjennomføre lovbrotsrelaterte samtalar og drive programverksemd som ein del av innhaldet i straffegjennomføringa.
Utarbeide personundersøkinger til bruk i straffesaker.

Kvalifikasjonskrav:
Treårig høgare sosialfagleg utdanning, eller anna relevant høgare utdanning
Førarkort klasse B
Erfaring frå arbeid i kriminalomsorga eller anna relevant erfaring vil være ein fordel

Personlege eigenskapar: 
Søkarar må ha evne til å arbeide sjølvstendig og målretta, og å kunne samarbeide internt og eksternt. Gode datakunnskapar og god munnleg og skriftleg framstillingsevne blir vektlagt.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Løn: 
Løn etter stillingskode 1408 førstekonsulent kr. 361700 – kr. 459100, eller stillingskode 1434 rådgjevar, kr. 423200 – 579300. Lønsplassering er avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet.

Frå bto. løn vert det trekt 2% medlemsinnskot til Statens pensjonskasse. 

Anna:
Stillinga er for tida lokalisert i Odda, men er underlagt Friomsorga i Hordaland.
Arbeidstida er normalt dagtid med fleksitidsordning, men det må påreknast noko arbeid på kveld og helg.

Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som måtte bli bestemt om arbeidsområdet.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandel til tilsette i kriminalomsorga. Utvida politiattest utan merknader må vera framlagd før tilsetting.

Tilstetting skjer på vilkåra som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad vise mangfaldet i befolkninga. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søke stillinga. 

Søknadsfrist: 01.11.2017.

Dersom spørsmål, ta kontakt med leiar Morten Cornell Jacobsen, tlf. 47 31 43 78.

Søknad sendes elektronisk via www.jobbnorge.no

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. november 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Odda
  • Arbeidssted
    Odda
  • Jobbnorge-ID
    143388
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger